Friday, March 25, 2011

Ut på tur med kakao på lur

I går bestemte vi for å hente ut litt vår på eigahand. Og det til trass for at det kom eitt og anna snøfnugg kom dalande frå oven... Syklane vart henta ut frå kjellarboda, tørka støv av og pumpa luft i dekka på. Heimens yngste medlemmer var fulle i fryd! Men i det dei oppdaga kor kjekt det var med den store, haustaktige "innsjøen" på tunet utanfor leilegheitene, så var vårkjensle og sykkelglede gløymt. Om det enn syntest å like ein haustleg aktivitet med damhopping i utgongspunktet, så endte aktiviteten i årets første utandørsbad. Det var visst ikkje å anbefale heilt enda, skal vi tru ulykkesfuglen som tok det heile med eit stort smil trass i at han var kald og våt. Det hadde ikkje vore meg...

Ein vassløpar i farta!!!

Nybada eller ikkje, det er kaldt i den sjølværklerte våren. Og då er det godt å kunne varme seg på ein kopp eller tre med krydra kakao. Eg elskar Eva Solo termokanna vår, utan hank. Den er like god som fellestermos utandørs (ettersom den er stor og utan kopp integrert kopp), som den er til å vere TVkanne innandørs.

God kanne som eg LETT kunne hatt ei til av...

Er forresten blitt veldig glad i værbitte, slitte trefargar som er på benken som termokanna står på i bildet. Og apropos nettopp gamalt treverk og forøvrig ein shabby industriell stil i heimen - som eg kan tenke meg, blanda med ein tanke romantikk... TV-serien MASH står på medan eg skriv dette innlegget no, og inne i teltbrakka til hovedrolleinnehavarane, så er det jammen mykje kult interiør å finne om ein ser godt etter. Flotte, rustikke trekasser med jernbeslag-hjørner som hyller på veggen, slitte trappestigar som hyller, industrilamper i taket.. MASH er eit program for interiørinteresserte med andre ord! Det hadde du ikkje trudd??


Vårt vesle, vakre dunder tar det litt rolegare og plaskar i litt mindre dammar. Dette bildet er teke for nokre dagar sidan, då det var litt meir (men ikkje myykje meir) snø ute en kva det er i dag... Vi må nok vente før vi pakkar vinterkleda vekk. Polarn O Pyret-dressen ho har på er forresten arveklede frå ein leike-aktiv storebror, og den er framleis (nesten) like god som ny etter å ha blitt brukt i to heile sesongar, og enda kan den brukast til eitt born til i alle fall.. Ein får det ein betalar for, og det gjeld vel det meste ;) Og uansett så er det godt med gode klede, spesielt når våren let vente på seg...



No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...