Saturday, March 12, 2011

Noko nytt på middagsmenyen

Det er på tide å skifte ut 6 vekers menyen Heime hos Oss. No er vi falt av lasset med den, og det ser eg på som eit teikn på at vi er begynt å bli lei den. Men det gjer no verkeleg ikkje noko å spikre saman ein ny 6 vekers meny eit par, tre gongar i året, når det betyr at ein slepp å tenke på "kva skal vi ha til middag!?" kvar einaste dag - forhandle om menyen nesten kvar einaste dag - handle inn til middag kvar einaste dag... DET er nemmeleg krevande, både tidsmessig og økonomisk.




Når vi innsåg realiteten i går og kjøleskap og frys i tillegg var tomme, så tok vi med ungane på butikken og lot dei velge middagsingrediensane i grove trekk. Ei kunstpause utanfor Kiwi'en, med eit velretta fokus på plakatane som reklamerar for nøkkelholskampanjen til kjeden, satte ungane i riktig stille før dei skulle velge.


"No fikk eg en idé! Vi ser om vi finne nåkke med nøkkelhull!"

Gutungen var storfornøgd over den brilliante, sjølpåkomne idéen, og mamma'en og pappa'en gledde seg over at størstemann enda ikkje er for stor til å la seg styre utan at han merker det sjølv. Alle hjerter gledde seg med andre ord - på alle måter :)


No har tydelegvis ikkje prior bilde av kalkunkjøttbollepakningane (...laaangt ord!), slik dei er nøkkelholsmerka. Men dei er altså merka med nøkkelhol, og av den enkle grunn vart dette hovudingrediensen som gutungen valgte. Og når det så var vårt vesle dunder sin tur til å velge ingrediens, i grønsakshylla, så valgte ho det største ho kunne få auge på...


Vi ba ho fint om å velge på nytt, og då helst noko litt anna enn kål (...kjøttbollar og kål!!?!...). Og då kom ho på grønnsaksfavoritt nummer ein: Minimais. Gutungen ville ha noko raudt til, og valget falgt på kule lange paprikaer. Greit det! ..og når mamma ville ha noko grønt så tok vi med oss hjertesalat også - den er god når den er varm også nemmeleg ;)



Ris som metningsgarnityr, fordi ingen av ungane er begeistra for poteter, og fordi dei hadde fått pasta til middag dagen før (dei kan visst vere "fornuftige" når dei føler dei har litt ansvar, desse små!).


Idun ketchup er ein soleklar wannabe-saus-favoritt hos begge ungane, så der var det ikkje snakk om å kikke etter nøkkelhol eller andre smutthol for mamma og pappa... Men vi tok med oss eit glas sweet and sour (fordi mamma eigentleg hadde hatt lyst på noko asiatisk-aktig til middag..)




Og slik vart det altså. Hadde nok aldri blitt ein slik kombinasjon til middag, om ikkje ungane fekk sleppe til og bestemme. Kjekt med borna sin middags-dag både for oss og dei - så kanskje det skal bli ein fast eigen "borna bestemmer i lag" dag på den neste menyen vår! :) For det vart verkeleg ikkje så verst middag av det ;) Faktisk vert nok neste kjøttbollemiddag meir lik denne enn slik vi har pleidd å ha kjøttbollemiddagar; med kjøttsaus og spaghetti á la Disney's Lady og Landstrykeren :D


Middagen i korte trekk;

Pannesteikte kjøttbollar
servert med sauterte grønnsaker
Uncle Bens originale sweet n'sour saus
og kokt ris

(NB: Bortsett frå menyane mine øverst,
så er alle bilder google-funn... ;)




...forresten... no kan det nesten høyrast ut som at ungane ikkje vert teke hensyn til i den øvrige middagsmenyen som vi vaksne så tydeleg bestemmer. Men slik er det ikkje - deira favorittar plasserer vi sjølvsagt også i den faste 6 vekers menyen, med jamne mellomrom ;) Det er berre det at om dei skulle fått bestemme frå dag til dag, så hadde det vore lite variasjon kort og godt - dei kunne levd godt og lenge med pannekaker og spaghetti med kjøttdeig annankvar dag på menyen nemmeleg.

2 comments:

  1. Takk for kommentar i bloggen min, og ikke minst supert tips, dette så virkelig bra ut :)
    Mulig jeg må kopiere litt her ja! :))
    Ha en flott dag :)
    Beate

    ReplyDelete
  2. Hei.. Godt oppsett av middagsmeny.. tror faktisk jeg bare printer den rett ut, og prøver meg på dette.. Er det noe jeg IKKE liker her i heimen så er det middagslaging og planlegging.. Bloggen din inneholdt masse fint og intressant, så jeg følger deg gjerne videre og blir med på din giveaway...
    klem fra Gunn

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...