Saturday, March 5, 2011

Makeover

Det er det visst fleire som kan trenge kjenner eg på, og eg nemner i fleng:
  • Ville eigentleg klipt meg, men må spare til langt brude-håroppsett-venleg lengde
  • Har eigentleg lyst på ny garderobe, men må spare mest mogeleg til bryllaup, hus og heim
  • Kan eigentleg tenke meg å få fiksa opp tv-benken, men har ikkje plass eller tid til å få gjort det
Eg kunne haldt fram i det uendelege med enda nokre punkt, men det er ikkje stor vits i å ergre seg over det ein ikkje får gjort noko med (i alle fall ikkje nett no). I staden har eg gitt bloggen ein liten makeover!

Kvitt, kvitt, kvitt så langt auget kan sjå. Akkurat slik Kråka liker det! ...og når sant skal seiast liker eg det også - på bloggen altså... Eg har berre ikkje hatt gidden til å bruke tid på å prøve å finne ut av korleis. Men når eg sette meg ned med det no, så viste det seg ikkje å ta noko særleg med tid i det heile tatt.. Hehe.. Er det ikkje typisk? Og når alt kommer til alt så er det faktisk veldig flott - å finne ut at det som har virka som eit tiltak, faktisk var heilt OK å halde på med.

Kanskje eg skal begynne å trene allikevel?




No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...