Friday, March 4, 2011

Lovely Lavender

Vel... det er vanskeleg å halde seg vekke frå blogginga - helg eller ikkje! Og det enda eg ikkje har hatt høve til å ta bilder av huset, for veiret er gråare enn grått og det høljer ned. Ikkje akkurat gode bildetakingsforhold..

I dag har eg heller brukt tida på bryllaupsførebuingar (ikkje uvanleg for tida), og litt anna småplukk... Shopping er sjølvsagt når ein planlegg bryllaup, og det fekk meg til å tenke på ei handleaffære som eg hadde for litt sidan. ...Eller, rettare sagt: som eg hadde, med mannen på slep, stakkars... Eg vil febrilsk ha han til å like å handle (u)nyttige ting for kosen sin del, medan han febrilsk vil ha meg til å forstå at han rett og slett heilt enkelt berre ikkje kan klare å fordra noko som helst ved konseptet shopping overhodet...

I alle fall: nokre har kanskje fått med meg at eg er hekta på lavendel, for ikkje å sei avhengig..
Det finst heilt enkelt ikkje bedre lukt enn salig, himmelsk Lavendel!

Mannen synest tidvis det vert litt i overkant, men i duftrusen (som er omtrent konstant) så fattar eg lite og ingenting av kva som er så ille med litt lavndelduft i heimen.

Nydeleg lavendel-potpurri, herleg lavndelduftande handsåpe, sprek lavendelsjokolade, fortryllande lavendel dusjsåper, må-ha-lavendelduftblokker, duftoljer med lukt av himmelsk lavendel, nødvendigheits-lavendel-luftfrisker, luksus lavendel-klesvaskemiddel, -oppvaskemiddel og -universalvaskemiddel, skjønn lavendelplantar i potte, lavendel duftposer hengande mellom klær i yttergang og garderobeskap, og no sist men overhodet ikkje minst:

Lavendel Badesalt og Badeolje 
I'm in love!!!



"Ka i himmelens navn skal du med det!?"

"Ka eg ska med det??? Ka trur du??"

"Eg føla at det er på sin plass å minne deg om at vi ikkje har badekar!?"

*kunstpause med sammensnurpa munn og høgt heva augebryn*

"...så får vi kjøpe et da..."

"...og sette det kor...!!!???!"

...synest dette er fint eg...
(Bildet er lånt fra Boligpluss)



Vel... inntil vidare så får eg berre låne badekaret heime hos Mamma og Pappa, når vi er der... for det er vel enda i alle fall eitt år til vi sjølve har badekar i hus! Det fine med det er jo at når badekaret først er i hus, så slepp eg tenke på å kjøpe inn badesalt og badeolje - for det står klart og berre ventar... så sant eg ikkje har rota det vekk til då, så klart..



...og ei strålande helg, med eller utan lavendelduftande heim...

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...