Thursday, March 3, 2011

Litt meir enn berre kvit BustadDraum

Det er gjerne litt overdrive å oversette bokmålske magasinnamn til nynorsk? Strengt tatt skal vel ikkje namn oversetjast - så retting av overskrifta er på sin plass: BoligDrøm

Det er mogeleg at eg har uttalt at eg ikkje er spesielt glad i dette interiørmagasinet, samanlikna med VakreHjem som eg derimot likar veldig godt! Meen, dette siste nummeret likte eg. Eg likte det Godt.

Mykje fordi det gjekk noko vekk frå denne intenst kvite, romantiske stilen, og meir mot det industrielle eller i alle fall noko "utvatna" kvite. Eg, som MammaMø, synest ikkje det er så grådig flott når alt er kvitt, i motsetnad til kva Kråka og alle andre "fransk romantikk"-elskarar synest...

Skjønner du ikkje kva eg snakkar om?



Med andre ord - Kan anbefalast ;)

Interiørblad er ikkje å forakte
ettersom dei byr på rekreasjon, kos og hygge
så vel som inspirasjon..





PS: Vi tek helg ein dag før tida, og då meiner eg skikkeleg helg,
så no spørst det om det vert noko meir av innlegg her før helga nærmar seg slutten...
Visst ikkje eg berre MÅ oppdatere med rykande ferske bilder av vår framtidige heim då ;)
Det kan i grunn lett tenkast at eg ... Men visst ikkje, så nyttar eg høvet til å ynskje alle som kikker innom ei god helg! :)

2 comments:

  1. Det var utrulig mye fint i det siste BoligDrøm ja : )!! Liker litt kontraster, men er veldig lei de mørke møblene vi har må jeg si ; ) Er rett før jeg drar å handler inn et spann med hvitmalig : D !!
    Nyt helgen og så gøy du er med på Giwe awayen min : ))
    klem Tove

    ReplyDelete
  2. Ja, det blir nok lyst Heime hos Oss når huset er ferdig, men ikkje HEILT kvitt. Som du seier - kontrastar er fint, så dermed må det til med både lyst og mørkt :)

    Fin helg til deg også!

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...