Wednesday, March 9, 2011

Gjett kor glad eg er i deg

Vi har fått spysjuka i hus, og det er ikkje stas..
Men når eg no er skikkeleg lei etter berre nokre timar med kvalme og oppkast,
tenker eg på gravide som er kvalme i fleire veker og kanskje månader..
Men når ein er gravid så ventar det jo løn i enden av det heile,
og då er det allikevel ikkje så rart at vi vel å gå gjennom det heile! :)

Då eg var gravid med eldstemann fann eg verdas skjønnaste bok,
som eg berre ikkje kunne gå i frå i butikken.
...enda babyen i magen var langt frå "ferdig", 
og det var lenge til han ville vere interessert i bøker...


Den vordande pappa'en hadde lese at babyen i magen
"trengde" å høyre pappa'en si stemme før fødselen,
for å la seg roe av pappa'en si stemme etter fødselen...



Så på kveldane fekk eg klar beskjed om å lukke munnen
(noko eg generelt har og har hatt godt av å øve på),
og så han kunne lese høgt til babymagen
før vi sovna for kvelden...

Så medan pappa'en las til babymagen, 
vart mamma'en berre meir og meir forelska i den skjønne kaninhistoria,
og i den skjønne mannen sin...
(som om eg ikkje var forelska nok frå før)


Det har lenge gått sport i å vere meeest (eller høgst og lengst)
glad i kvarandre her Heime hos Oss.



Når eg kom over denne veggdekoren hos KidsParadise,
så kunne eg ikkje anna enn å bli nyforelska all over again...
Det er ikkje tvil om kva som skal pryde veggen over sprinkelsenga
når neste vesle gull ein gong kjem inn i familien!







NB! Ikkje gløym å melde deg på GiveAway'en, der du kan vinne eit nydeleg veggord..

1 comment:

  1. Hei! Boka såg skjønn ut! Forstår godt at kaninane vekkjer gode minner! Takk for helsing inne hos meg! Kabeltrommelen fekk eg med ein mann på ei einergibedrift i området her. Du kan spørje hos elektrikarar og liknande også trur eg? Eller skiptsverft osv. Stadar der det blir lagt ut kablar :)

    God bedring!
    Klem frå Elin

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...