Tuesday, February 22, 2011

Hus og heim

Det er ikkje berre våren vi drøymer om her hos oss for tida. I tillegg til dagdrøyming om det foreståande bryllaupet, så drøymer vi og planlegg i høve den neeeesten like nært foreståande innflyttinga i vår heilt eigen heim.

Medan mannen drøymer om elekriske gadgets, så drøymer eg om puter, pledd og pynt til veggane:

(Trykk på linkane i beskrivelsane under,
for å komme til butikkane sine sider,
som eg har lånt produktbilda frå!)

Bohus sel blant anna desse fantastisk skjønne feel-good bilda til Marianne Aulie, trykt og spent opp på lerret. Vinglepetter Iselin klarer ikkje bestemme seg for kva for eitt av desse to som er finast - dei er jo ikkje så reint like sjølv om begge har klovne-motiv (har forresten lese i eit intervju at det ikkje eigentleg er klovnar, men kjensler...!). Så om det hadde vore eit alternativ så hadde eg sagt "Ja takk, begge deler!", eg skulle nemmeleg LETT klart å finne veggplass til begge to.

Vi skulle også hatt fleire dekorative og gode pynteputer til sofaen. Grått og kvitt er fint. Fordi saueskinn også er varm og deilig så hadde det vore toppers med nettopp ei saueskinnspute! Eg liker glam også, og ei brokademønstra pute ville tilført nettopp litt glam tenker eg. Og sist men ikkje minst, den fine hjorteputa er til ære for mannen. Stakkaren er oppfostra på hjortekjøt, men får ikkje smake det så ofte (trass i at hans pappa er hjortejeger), fordi eg dessverre ikkje klarer å svelge så mykje som en munnfull. Så i tillegg til at puta er fin å sjå på, så er den også ei fin trøstepute til mannen.. 

Og så teppet da. Eg har veldig lyst på eit bestemorsruta heklateppe. Dei er ofte dyre å kjøpe, og eg er ikkje spesielt god på å fullføre langtidsprosjekt, så dette til berre 399,- er jo ikkje verst verken i pris eller utsjånad. Og i alt det kvite og grå som er i vinden, er det ikkje feil med litt friske fargar for å gje ekstra glød i heimen.



No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...