Wednesday, January 19, 2011

Manntal

Eg held formelt på å lære litt (for å tydeleggjere kor lite det eigentleg er snakk om) om blogging og bloggverda i samband med lærarutdanninga. Og når eg no har vore på inspirasjonsrunde rundt om kring i denne vidtfamnande verda, så ser eg at det spesielt er éin (av fleire ting) som manglar her i bloggen min! Og det er kort fortalt ein teljar - ein digital versjon av eit fenomen som eg fyrst høyrde om frå dengong Kvirinius var landshøvding i Syria og alle skulle skrivast inn i Manntalet. No er det strengt tatt ikkje noko eg heilt ser vitsen med: å gjere manntal i min blogg, - ettersom eg mest skriv til underhaldning for familie og vener. Eg er mest opptatt av kvalitet framfor kvantitet, og treng difor ikkje nemneverdig hjelp til å telje "lesarane mine".. Eg kan jo sjølv å telje, i alle fall så lenge som det ikkje er snakk om svimlande høge antall, og då seier det seg vel sjølv at ein eigen teljar strengt tatt ikkje er "nødvendig" i mitt tilfelle ;P

Men, kanskje er ikkje ein teljar heller så gale at det ikkje er godt for noko?

Teljaren kan jo berre stå der, til spott og spe, og vise kor få som faktisk er innom bloggen frå dag til dag og veke til veke. I verste beste fall kjem eg inn på lista til bloggurat, eller meir konkret som den som tronar Bunn10-lista deira, som Norges desidert minst leste, av alle dei åpne bloggane! Ingen rekord er for ussel til å på eit eller anna vis, frå ein eller anna synsvinkel, gjere stas på noko eller nokon ;D


2 comments:

  1. Eg sett iallefall stor pris på at bloggen min har få lesara, sånn at eg kan legge ut litt bilder og være litt privat :)

    ReplyDelete
  2. Jo, men så lenge den er åpen så må en jo allikevel moderere utlegginga av privatlivet tenker eg :) ...er f.eks spesielt skeptisk til bruken av navna til ungane, men det er fordi dei blir så lett google-bare ettersom dei ikkje har verdens mest vanlige navn sånn heilt satt på spissen ;P

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...