Sunday, January 16, 2011

Katthult inn i heimen

I kveld har eg og mannebeinet mitt scrappa - heilt sant, eg fikk med meg Knut på å scrappe i kveld! Kven hadde trudd... I alle fall ikkje eg! No var det ikkje reint for moroskuld at vi har drive med "papir-hobby" denne søndagskvelden, men fordi vi om ikkje så alt for lenge bør vere klare til å få sendt ut bryllaupsinvitasjonar. Og å lage i overkant av 60 invitasjonar tek litt tid, så då er det jo klart ein fordel å vere meir enn berre éin arbeidar.

Mannen er forøvrig ein rimeleg dyktig scrappar. I alle fall er han langt flinkare til å kutte ark, kutte silkeband, feste tape og så vidare, enn kva han er til å undertrykke eit gryande behov for å uttrykke si misnøye med bruken av søndagskveldens timar. Det er ikkje å overdrive når eg i løpet av kveldens timar kjente på korleis det ville vere å bu med Anton Svensson - Emil i Katthult sin lettare irritable pappa, i møte med flueklisterer. Omtrent det same forholdet som Anton har til flueklister, det har nemmeleg Knut til dobbeltsidig tape. (Og i samband med dette må eg innrømme vanskar med å undertrykke eit gryande behov for å le meg halvt i hjel) ;D Eg skulle ønske eg og Knut'en scrappa i lag oftare, for det er kjekt! I alle fall for meg :D

Og eg siterar:

"Nei ka i...!???! Tape er nåkke skikkeli Faenskap!! Eg HATA tape!!!!"   

...det var nok ikkje faenskap Richard Drew hadde i tankane, då han i 1925 fekk den geniale idéen om å lage tape.. Eller!? ...I følge mannen her i huset er det noko som kan vere grunnlag for å trekke i tvil ;P 





PS: Eg digga mannen min!!! ;D

2 comments:

  1. Flinke Knut! Eg og vil scrappe! hehe :) Kanskje eg og Knut kunne bytta plass ein kveld, eg kunne komt og scrappa og Knut kunne underholdt Pål :P

    ReplyDelete
  2. Ja, kjempeflink :) Trur ikkje det var det kjekkaste Knut har vore med på, så det hadde han nok ikkje hatt nåkke i mot ;) hehe

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...