Saturday, January 15, 2011

Aldri så gale...

Det er vel noko som heiter at ingenting er så gale at det ikkje er godt for noko.. Det einaste eg kjem på at dette stuntet eg no skal fortelje om kan vere godt for, ja det er til å kunne blogge om og til å kunne le av... Sånn ellers har det ikkje hatt mykje føre seg ;P

Eg er ikkje flink med blomar og hugser aldri på å kjøpe og gje dei gjødsel. Når sant skal seiast er det sjeldan dei vert vatna i det heile... Vel, her ein dag fekk eg ei slags Mor Teresa kjensle i høve dei stakkars grønne familiemedlemmene våre. - Det vil seie, dei skulle ha vore grønne, men no var dei meir brungule...

Eg kjente at eg måtte ta grep, prøve så godt eg kunne - kanskje kunne eg redde dei? Eg sjekka nettet for førstehjelp til plantar. Hugsar ikkje kva eg søkte på eller kor eg kom over dette - men eit godt husmortriks skulle i alle høve vere å vatne blomane med avkjølt kokevatn etter poteter og/eller grønsaker. Det skulle kanskje ikkje greie å redde plantar som allereie var dødsdømt, men det skulle i alle fall vere ei bra erstatning for gjødsel. Så kvifor ikkje!? Eg tok vare på og kjølte ned middagens grønnsakskokevatn, og vatna alt av plantar som var å finne i leiligheita. Altså, 3 grønne plantar, ein orkidé (som truleg aldri kjem til å blomstre att) og så 4 sånne bambusgreier som står i vatn. Ja, eg fylte bambusvasane opp til randen med avsiket etter middagen. Og er du hakket kvassare enn kva eg var i gjerningsaugeblunket, så tenker du allereie no at dette verker ikkje lovande... Plantane greide seg nok, men lukta i leiligheita derimot, etter ei knapp veke, den var ikkje til å utstå!!!

"Ka er det som lukter her?" spurte mannen i det han kom inn døra etter nokre dagar offshore. "Veit ikkje" svarer eg "men en skulle nesten tru det var ei sjøldaua rotte her en plass"

Vi vurderte å dra fram alt av møblar for å sjekke om det kunne ligge noko sjøldaua ein stad i leiligheita, men så oppdaga eg her i dag medan eg tørka støv, at det var rundt TV'en det lukta verst. Og der stod dei, bambusane mine i vasane sine. Og oppi vasane, der ein eigentleg skulle sett rett ned på vassoverflata, der såg eg rett på ei fin, lita, hårete hinne som låg oppå vatnet.

Når dette skulle berast ned til kjøkkenet så alt kunne skyllast gjennom, så vatnet vart bytta ut, så blei det sjølvsagt rørsle i den ekle myggel-hinna oppi vasen. Og den lukta som seiv opp av vasen og inn i nasen min, den var så forferdeleg at hadde eg ikkje visst bedre så hadde eg trudd at eg minst kunne sjølvdaua av å sniffe det inn X(

Så, om du skulle komme over slikt eit husmorråd med å  vatne plantane med avsik: IKKJE GJER DET!







Og forresten, NB!!! Noko anna som heller ikkje er lurt er å koke tannbørstar. Det synest eg sjølv høyrest lurt ut, for å desinfisere dei no og då... Men altså, nei... Desse tannbørstane du ser her på bildet under er nemmeleg ikkje spesialtannbørstar eg har fått frå hjelpemiddelsentralen. Dette er kokte tannkostar, og ut frå synet å dømme så er dei ikkje meint å skulle kokast ;P


Legg merke til at begge tannkostane har
ei haldning som minner om Mette-Marit ;)
...ikkje at eg har noko i mot kronprinsessa - for all del,
eg kom berre ikkje på nokon anna måte å beskrive tannkostane med ord :P

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...