Thursday, January 6, 2011

I tråd med rakettoppskytinga heime

Sallutterer eg herved lesarane av bloggen ein tanke forsinka og ynskjer dykk alle eit strålande godt nytt år!


No kan ikkje eg skulde forsinkinga på vind og dårleg veir, slik som dei fyrverkeriansvarlege heime med rette kunne gjere... Derimot skuldar eg den forsinka nyttårsblogginga og fråveret av blogginnlegg generelt på høg bryllaupsplanleggingsfaktor! Utanom å treffe eit utval (langt færre enn tidlegare når sant skal seiast) av familie og vener, så har store delar av jula gått med til å planlegge og ordne saker og ting til årets høgdepunkt for vårt vedkommande ;) Eg trur eg med rette kan bli tittulert Bridezilla i skrivande stund... :P

Har vel nemnt det før ja, men eg nemner det gjerne igjen: Vi giftar oss 25. juni i år!!! :D :D :D

Kjolen er i boks med det meste av tilbehør, Knut har snust på bekledning til seg sjølv (og når det er i boks skal vi prøve å finne tilsvarande til gutungen), eg trålar nettbutikkar etter høveleg kjole til dunderet vårt og har forøvrig fått handla inn det meste av bordpynt. Invitasjonar er på gong, og menyar og bordkort er inne i den avsluttande planleggingsfasen. Musikarar til både festen og kyrkja er hanka inn og det samme gjeld for fotograferings-folk :) ..ikkje mindre er eg i god gong med å produsere mine eigne brudesmykker :) Ja, det er mykje som skal ordnast, men eg storkosar meg med det! Og for å toppe det heile har eg fleire gifteklare venninner og bekjente som skal halde bryllaup omtrent på samme tida, så eg har fleire å snakke om bryllaup med - det er så kjekt!!! :D

Nett no er det i grunn å få informasjon ut til alle dei vi ynskjer å dele dagen vår med som står i høgsetet... Alle skal vere informert pr sms og dei fleste har fått invitasjon til å sjå den digitale gjestelista vår, alt i påvente av at eg skal få laga dei "formelle" invitasjonane som skal sendast med den gode "gammaldagse" posten :) Og dessutan har vi fleire inviterte som kjem relativt langvegs frå, og difor nyttar eg og litt av tida til å samle nyttig informasjon om overnatting og anna om heimstaden vår som kan vere aktuelt eller kjekt å vite...

Så det er altså litt stille her for tida, som de kanskje har merka, men eg kjem sterkare tilbake om litt. I mellomtida kan du få sjå at bryllaupsbloggen min livnar til ;) Link til sida ligg i menyen øverst, like under headeren :)


2 comments:

  1. Mens vi snakka om bryllup... treng du hjelp til nokke? Kakebaking? Hobbyverksted med bordkort laging e.l? Bare skrik ut! :D

    ReplyDelete
  2. Du, eg seier ikkje nei takk til ei kake :) Du er velkommen til å bake det du sjølv skulle ønske - eg har enda ingen andre eg har spurt eller som har meldt seg (gjerne litt tidlig?), så derfor har eg foreløbig ingenting på lista :)

    ..og hobbyverksted med borkortlaging, invitasjonslaging og sånt trur eg nok gjerne at eg takker ja til :) Gjer det enkelt, men det er allikevel en del å lage til :) *smask på deg*

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...