Friday, January 14, 2011

Da lykkeliten kom til verden

Synest det er ein så skjønn sang... Kjem til å nynne på den no og då, uten at eg eigentleg merkar det sjølv før eg er nesten ferdig. I dag gjorde eg det igjen på veg heim frå barnehagen med ungane.

"Ka e det du synge?"
..eg svarar med å synge sangen med det eg kan av tekst...
"Blei eg født på natta?"
"Nei, men søstra di blei.. Du kom ut om dagen.."
"Kom ho ut mens du berre låg og sov?"
"Nei.. det går ikkje an å sove når babya ska ut, for det gjer ganske ilt i magen!"
"Ååååh" svarar guten med ei litt bekymra mine, før ansiktet lyser opp i eit letta smil:
"Hehe! Eg ska jo berre plante frøene eg!!!"


Foreløbig greier han seg lenge med å spre løvetannfrø,
når det berre er tida for det... ;D

3 comments:

  1. hahahahahahahahahaha!

    ReplyDelete
  2. Ja han kan få sagt det den guten, hahahahahahaha
    Forøvrig elsker eg dette bildet av han

    ReplyDelete
  3. Hehe :) Nei, han er ikkje så verst i ordvendingane sine. Eg trur han har det etter faren ;)

    Er forresten veldig glad i dette bildet eg også ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...