Monday, December 6, 2010

Avslapping på flaske

Eg hadde, som eg har fortalt før, bursdag i helga. Og i dag, medan eg sit med nasa i norskbøker ettersom eg skriv på ein eksamen, og har begynt å få vondt i rumpa og ryggen etter for lang tid med stillesitting foran PC'en, så fekk eg ei veldig hyggeleg overrasking i posten :) Sånt gjer noko med det ellers mutte eksamenshumøret! :)



Overraskinga var ei gåve frå mi kjære navnesyster og barndomsvenninne, og den var berre heilt herleg! Innhaldet er ikkje berre avslappande, men faktisk tilfredsstillande for såvel humøret som for lukteorganet, og eg kjenner (no som eg har spraya heile huset) at lykka sprer seg i kvar ei nerve i heile kroppen. Lavendel-spray <3 <3 <3

Visst du óg har lyst på ein slik rom-parfyme (i mangel på anna, bedre definisjon av produktet), så fann eg ei nettadresse der du kan komme i kontakt med forhandlarar på etiketten av flaska: www.sjarmtrollparty.no ;)

Og i kveld fekk eg besøk av ei venninne som bur like ved, og ho hadde med seg ei nydeleg klar glaslykt frå Hadeland med lys oppi, som passa fint oppå den eine hylla vår. Og når vi har fått oss hus skal den nok få seg ein enda finare plass å stå, så den kjem meir til sin rett :) Forresten fekk eg óg ein pakke med 18 lavendelduftande telys, ved sidan av lykta, som kort :D *LYKKE*

No luktar det godt her Heime hos Oss ;D

2 comments:

  1. ÅH:) så kjekt at du likte den:) det er så kjekt å gi en gave som blir så satt pris på :)

    klem fra Navnesysta

    ReplyDelete
  2. Likte den veldig godt, og spraya kvart eitt rom i det gåva var opna.. Eg kjenner på meg at eg er avhengig av denne gode lukta! :)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...