Thursday, November 18, 2010

Ventar på ventetida

Snart er det Advent - sjølvaste ventetida med stor forbokstav. Alle hjerter gledar seg, ikkje berre til jula men også til adventstida. Sjølv driv eg med stadig nedtelling fram mot 1. desember. Og den dagen skal også julekalenderen til ungane (eigentleg heile familien, ettersom det vert ein aktivitetskalender) vere klar. Den skal scrappast, når eg berre har fått bygd den opp av 24 halvstore, tomme fyrstikkesker... Eg er godt i gong, berre ikkje ferdig, så eg har ingenting å vise til, anna enn googla bilder at the moment.

Men i alle fall - tips til aktivitetar å gjere saman i adventstida finn du her, i ungane sitt hjørne som eg også kallar "Leikekroken" ;) ...og er det ein dag det ikkje passar med nokon aktivitet, nei så legg eg heller ein mjølkeplett oppi kalenderskuffa. Ein liten sjokolade som smeltar på tunga fell alltid i smak, spesielt i kvardagane då det elles ikkje er lov å ete snop ;P



- Ein god før-advents-klem frå ei advents- og juleklar (og berre nesten vaksen) jente til deg :)

3 comments:

  1. eg og glede meg også alltid til advent :) elske den tida. Elske jula og, men den forsvinne så fort når den først er der. I andventstida går eg berre å glede meg kver dag <3 hihi

    ReplyDelete
  2. hehe, det skulle ikkje akkurat stå anonym :P men hilsen Mariell ;)

    ReplyDelete
  3. Ja, adventstida er heilt klart best :) ..sjølv om jule er bra den også, såklart :)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...