Tuesday, November 16, 2010

Litt nytt og mykje gamalt

...trur eg har hatt denne overskrifta på ein post før?... I alle fall noko i denne duren.. Jaja, så føyer tittelen seg inn i rekka av gamalt også :)

Først viser eg det nye.. Eg vann jo tre skjønne, kvitprikkete raude hjerter med blondeoppheng på ein bloggcandy her for litt sidan i Hobbyklekkeriet. Og eg som trippar medan eg venter på at det er "lov" å pynte til jul, synest at desse er akkurat passe mykje og lite julete til at eg henger dei opp med stor glede og godt anti-jule-samvit :)


Forøvrig (som eg kanskje tidlegare har nemnd) var eg ein tur på Nille då eg var heime for litt sidan... Ein del graps som Siddisane seier, men óg nokre billig-skattar innimellom :) Eg fann blant anna desse elegante, romantiske telyshaldarane som eg måtte ha to stykker av. Synest "blondekanten" øverst er så skjønn! Ser forresten no at eg skulle tent i lyset før eg tok bilder, så holdaren verkeleg fekk vist fram kva den er god for..


Dei hadde også nokre nøytrale fine opphengs-englar på Nille, til 10,- stykket. Desse er nok meint til å pynte opp eit juletre, men ettersom vi ikkje skal ha noko juletre i leiligheita, så skal eg heller finne ein annan stad å henge dei. Eg er i alle fall over måte glad i englar, så eg har vondt for å gå frå dei når eg først ser dei. Stor sett i alle fall... No er det forresten ein tidlegare Studentby-nabo som held på å lage nokre artige englar i keramikk. Eg var så heldig at eg fekk ein snikkikk på eit bilete i dag, og eg må innrømme at eg har veldig lyst på ein slik ein som ho har laga også! ;) Eg lover at de skal få sjå om eg får kjøpt meg ein :)


Før eg viser fram det gamle, så er det på sin plass med ei matpause.. Og derfor hentar eg fram søndagskosen vi hadde heime på farsdagen: Lett bakte epler fylt med margarin, kanel og sukker, servert med kald vaniljesaus. Herleg for ein epleallergikar som kun kan ete varmebehandla epler ;) Dessuten varmar dei kropp og sjel godt, ein ellers kald vinter-føremiddag :) Forresten, muffinsformene eg bakte epla i er frå IKEA, billege og skjønne :) 


Og så det gamle. Alt det gamle. Massevis av bøker til ungane som eg fann på Fretex - verkeleg verdt å ta turen innom bruktbutikkar i ny og ne, for å kanskje kunne slå kloa i billege klassikarar :)

Eg fann blant anna Heidi av Johanna Spyri i bildebokutgåve, noko som passar ypperleg for unge lesarar og tilhøyrarar. Ei skjønn historie som folk flest aldri får nok av, om Heidi hos Bestefar i fjellheimen og om venninna til Heidi som sit i rullestol, men som vert frisk av fjellufta... :)


Hakkebakkeskogen av Torbjørn Egner er også ein klassikar, som kanskje er enda meir kjend blandt nordmenn. Den er garantert billegare hos brukthandlaren enn i bokhandlane, og dei gamle bøkene er kliss lik dei nye bøkene:


Denne tredje bildeboka inneheld i alle fall ei klassisk historie, om ikkje bildeboka i seg sjølv er ein klassikar. Eg snakkar om Juleevangeliet :) Boka eg fann på Fretex har store, herlege illustrasjonar i vare, fine fargar, og vert garantert betre motteke av tilhøyrarane enn originalboka, då juleevangeliet skal lesast høgt ved bordsetet like før julemiddagen skal nytast. Her i heimen vil eg at ungane skal vite kvifor vi feirar jul, og at det i det store og heile ikkje eigentleg handlar om julenissen og alle gåvene, så derfor les vi juleevangeliet (opptil fleire gongar utanom julemiddagen, med forklaringar og utdjupingar) ;) Ei fin fortelling :)


Dette vart jammen eit langt innlegg... Trur eg sparar resten til ein annan dag ;) Men, når eg allikevel er inne på jula og det eigentlege innhaldet: Guten min fekk ei fin bildebok av ei venninne for litt sidan, som heiter Papa Panovs Juledag av Leo Tolstoi. Den innehaldt ei så skjønn julehistorie at både eg og guten vart rørde ;) Eit lite tips berre... 


3 comments:

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...