På Bodyshop har dei også lavendelduft, men i form av eterisk olje. På denne stod det at lavendel er "soothing and calming", altså lindrande og beroligande; ikkje rart ein stressa student vert forelska i ei slik lukt! Eg er jo faktisk blitt avhengig. Rett og slett avhengig... så eg kjøpte den der eteriske olja også eg...
Og så, på Vita, der hadde dei jammen lavendelsåper i søte metallboksar. Lavendel er visst inn i tida etter utvalet å døme, og det var ikkje mange av såpene med denne dufta att når eg kom til. Men dei hadde éi igjen - akkurat nok til meg med andre ord. Det må vere sjebnen!
Denne er fin å ha, berre som ein naturleg luktspreiar i sitt rette element, på badet tenkjer eg ;) ...i alle fall inntil den herlige pumpesåpa eg kjøpte på apoteket for litt sidan er oppbrukt...
Apropos pumpesåpe.. Det er i alle fall sånn nesten eit apropos.. Ettersom eg tenkjer å lage såpedispenser av saftflaskene frå IKEA. Dei har ei skjønn, nostalgisk form, og pumpene frå dei nemnde pumpesåpene eg kjøpte på apoteket, passar perfekt til å skru ned på halsen til IKEA-flaskene. Det einaste er at oppsugingsrøret er litt kort, men det fikser eg til med eit tilsvarande men lengre rør frå ei eller anna tom spray- eller pumpeflaske. Og når alt dette er fiksa, så har eg fin dispenser til oppvasksåpa oppi på kjøkkenet ;) Eg skal vise dykk når eg har ordna det til!
Men eg kan uansett tipse om at etikettar som denne på IKEA sine saftflasker, kan synast å vere eit herk å få av. Det er då spesielt limet som etiketten er festa med som er eit herk. Men rådvill etter å ha hatt flaska i bløyt i ukjent antal døger, gjennom oppvaskmaskina fleire gonger, intens skrubbing med stålskrubb og så bortetter, sat limet like godt fast. Så kom eg på å prøve rapsolje (men det er nok "eitt feitt" kva type olje du brukar ;), og eg smurde inn flaska og gnura forsiktig der limet var. Og sanneleg løyste limet seg opp! Det lukta litt kjemisk/industriaktig av limet som løyste seg opp blanda med olja, men ei runde med SunLight fiksa den biffen. Så no ventar berre flaskene mine på kvar sitt lange oppsugingsrør samt at apotek-pumpesåpa skal gå tom for originalinnhald - og deretter har eg fine, "nye" dispensarar til oppvasksåpa mi :)
PS: Kanskje har du liknande eller andre fine flasker eller behaldarar som kan brukast til noko nyttig? Eg vert alltid glad for nyttige eller artige tips ;)
No comments:
Post a Comment
Legg gjerne igjen eit spor etter deg!