Friday, November 19, 2010

Kongleeksperimentet

Googlinga her om dagen gjorde meg ikkje klokare, når det gjaldt korvidt det var mogeleg å tørke kongler i bakaromnen, slik at dei opna seg og vart finare til bruk som dekorelement. Og den som intet våger intet vinner, så difor satsa eg alle konglene mine på at tørking i bakaromnen skulle gå bra. Det gjeld å ha trua tydelegvis, for det hadde eg og det gjekk!

Etter å ha klaga på ei litt vel intens furulukt i leilegheita ei stund, så vart Knuten taus då han såg brettet med ferdigsteikte kongler; (Det bør, til Knut sitt sterke forsvar, leggast til at det lukta verkeleg veldig intenst furu inne hos oss i X antal timar medan steikinga pågjekk..)


På bildet øverst ser du våte, nyplukka kongler, og bildet under viser kongler som har lagt i bakaromnen ved 70grader i 4-6timar. Dermed er det altså håp for andre kongleglade juleentusiastar som, på lik linje med meg, ikkje planlegg julepynting om sommaren.. Det er nemmeleg då konglene ligg ferdig utsprungne på bakken og berre ventar på å bli henta inn, i sjuuukt god tid før jula set inn... Steik kongler og ver glad du slepp å tenke på jul før det faktisk nesten er jul i staden ;)





God kongleplukking og -steiking ;)

2 comments:

  1. du e ikkje god på ein flekk! haha! ;)

    ReplyDelete
  2. Sjølv synest eg faktisk at eg var ganske god, som kom på det og til og med fekk det til :D :D :D ...men eg ser poenget ditt.. ;P

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...