Friday, November 12, 2010

Here goes

Begynner forsiktig i høve å legge ut bilder... Tar det litt sånn pø om pø, for sjølv om Knut kjenner til alle innkjøpa, så verker det allikevel med ein gong så mykje når det blir presentert på eitt brett..



Først av alt ein freebee, som Knut drog i hus til mi store glede. Tenk at det går an å berre flytte frå denne!?!? Ei vakker skyveseng til baby/barn! Nydelig rustikk finish, litt sånn shabby chick aktig, med litt slitt maling her og der... Må få fiksa ei madrass til den ein gong, men har inga hast. Blir ikkje fleire bebisser her på enda ei stund, så eg har tida på meg heilt enkelt :)

Forøvrig var vi på IKEA her for litt sidan. Knut sitt initiativ faktisk, noko som må kunne kallast eit mirakel ettersom han i utgongspunktet skyr eitkvart varehus som pesten. I alle fall hadde dei lavendel-stæsh på IKEA, og eg eelsker jo lavendel så da måtte eg ha det: Duftposer :)


Desse er å finne diverse stader i heimen no... Mellom ytterkleda i gangen, mellom handdukane på badet, mellom finkleda i garderobeskapet... Og mmmmh så godt det lukter!


Dette lukter ikkje, men det ser fint ut :) Lysa er kjøpte, men pyntinga av dei med bilder, band og roser er heimegjort. (Framgongsmåte finn du HER). Enkelt og kjekt :) Perfekt aktivitet til ein hobbykveld med venninner! Var sjølv på besøk hos ei venninne då eg lagde desse. Mykje skravling, litt pynting - vi lagde berre tre kvar, og så litt god mat. Grei oppskrift på ein fin kveld, som lett kan gjentakast. Så om nokon vil lage lys, og treng kompanjong så er det berre å skrike ut. Eg stiller!

Tinnfatet som lysa står på er forøvrig atter ein freebee, som eg fann i bosset til mormor då vi skulle rydde ut av rom og skap. Følte meg som ei skjor (skjære) der eg stod og rota nedi bosset etter alt som kunne sjå ut til å glitre, medan eg kjefta på Knut som eg umiddelbart ansåg for å vere syndebukken for kastinga. Eit blikk med heva augebryn vart sendt frå Knut til mormor, som stod bak meg og lo og rista på hovudet... Kanskje er det ikkje gull alt som glitrar, men det treng neimmen ikkje vere boss heller... Mosegrodd, eller rettare sagt reinlavgrodd kvist av lerk med kongler på, pynter også fint opp på det fine lysfatet mitt ;)


Og til slutt: Her er lyslykta eg kjøpte for Trumf-poenga mine i Flust-butikken på nett. Meget godt nøgd med den rustikke, hønsenettingkledde glaslykta mi. Eg var ut og fann nokre greiner av lerk (trur eg det heiter), med kongler, barnåler og litt reinlav på, putta det oppi lykta, og satte eit syltetøyglas med et lys oppi i midten. Vinterstemning :D





PS: Stay tuned.. resten av bilda kommer dei også... på sikt :)

5 comments:

  1. sååå fint!!
    eg er med på å lage lys en gang!!!

    og den senga vil og ha!

    ReplyDelete
  2. Var Iselin (SH eller HT) foresten;)

    er handa på hjertet heilt imponert over kor flink du er til å få det fint rundt deg!

    ReplyDelete
  3. Eg sitter her med et smil om munnen og varme i hjertet:) Utrolig imponert over alt du får tid til, og kor flink og kreativ du/dokke e!

    Klem fra Hilde

    ReplyDelete
  4. Åhr, kor skjønne de er! Takk :)

    Men, eg må berre sei, at det er imponerande kor lett det er å utelate det ein IKKJE vil vise fram når ein skal ta bloggebilder ;)
    Det er det som er så fint med ein blogg - ein viser det ein helst har lyst å vise, og utelet alt (rotet) ein ikkje vil vise :D hehe

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...