Tuesday, November 2, 2010

Handlings

Eg nemnde vel i går at eg har vore på handlings, men ettersom det er litt tiltak å få tatt bilde av alt det eg handla rundt om kring i butikkar i går, så har eg tatt grep for å kunne presentere noko nyinnkjøpt i dag allikevel: Eg har netthandla :D Just for you, my dear readers!...der ligg jo bilda klare til bruk i nettbutikkane anyway, så det er laaangt meir bloggvenleg ;D

..ok, så var gjerne ikkje det grunnen til at eg handla på nett i dag - at eg skulle kunne legge ut shoppebilder. Trumfkontoen vår hadde fylt seg opp, og den gjer jo inga nytte når den berre står sånn - full liksom..
Dessutan hadde dei eit og anna fint i nettbutikken sin flust ;)

Har lenge hatt lyst på ei slik bordlampe (sjølv om eg ikkje veit kor den skal eller kan stå...), så den var lett match når den dukka opp på skjermen til 300,- :)


Og fordi vi enda hadde litt pengar til overs, fordi vi ikkje har peis (eller varmekablar) i leiligheita og dermed "fyrer" med stearinlys, og ikkje minst fordi eg likar levande lys i vintermørket, så kjøpte eg ei skjønn og nostalgisk lyslykt også... (21cm høg)
Og så var trumfkontoen tom...



2 comments:

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...