Monday, November 1, 2010

Eg vant, eg vant!

Det var sjebnen trur eg...
I dag var eg nemmeleg på handletur, med ei jente som sov dårleg i natt og dermed var for trøtt til å gå i barnehagen. Men å sitte i vogn og slappe av med smokk og teppe er ikkje feil, for en trøtt og kosen toåring ;)

I alle fall... eg fann eit sett med tre fine, raude hjerter i tillegg til mykje anna julete og fint.
Dei var veldig fine, og med ei skjønn snor i kvar, så dei kunne hengast opp på tildømes dørhandtak eller krokar for å pynte til jul. Men som sagt, eg fann også mykje anna og eg måtte prioritere... Tenkte då at eg kunne vente med desse hjerta til ein annan handletur no før jul, for å finfordele fortvilelsen til Knut, over alle mine innkjøpte småremedier som eigentleg ikkje har noko nyttig funksjon. Det skulle vise seg å vere eit godt val, å nedprioritere desse hjerta i dag.

Noko som forøvrig ikkje vart nedprioritert, det var lysestakar som desse i "fattigmannssølv", som eg har vist dykk tidlegare og lenge har hatt lyst på. I dag fann eg dei på tilbud til 29,- pr lysestake. *Lykke*


Men tilbake til hjertene: No når eg sjekka mailen min, så fann eg ein e-post med overskrifta Gratulerer!"Æsj, meir masseutsendt søppelpost" tenkte eg, men håpefull som eg er så åpna eg mailen for å sjekke, sånn for sikkerheits skuld, før eg sletta mailen... Og jammen var det ein seriøs e-post frå Hobbyklekkeriet, eg hadde vunnet. Og gjett kva!!!?? ;D


Vel, dei var ikkje like på dei masseproduserte som eg fann i butikken. Desse var mykje finare, handlaga og skjønne. Eg vart så glad! Gleder meg til å få pakke i posten - tusen takk :) 

   

3 comments:

  1. jammen e du heldig.. når vi har dårlig søvn, så går eg aldri ut, for da blir mine unga sure :P hehe..
    Håpa du seier fra neste gang du har fri på dagtid, for eg kjeda meg i dag!

    ReplyDelete
  2. åh så gøy å vinne ting altså! og hjertene var kjempe fine og!

    ReplyDelete
  3. Jaaa :D *venter spent på pakke i posten*

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...