Saturday, October 23, 2010

Bryllaup i 2012 avlyst

..som ein ekte vingle-Petter (eller kanskje eg skulle sagt Vingle-Petrine?) så har eg fått det til å vingle med desse bryllaupsplanane også... Farta er høg og svingane knappe, gjerne i så stor grad at Knut til tider kan ha vanskar med å henge med. Eller, etter snart 10 år (vi har 10års jubileum i 2011 ;) så har han vel etterkvart begynt å ane kva han har i vente før eg sjølv anar det. Såå, det var faktisk hans idé dette med å avlyse bryllaupet som var satt til St.Hansafta (eller Jonsok) i 2012.

"Kva med å framskynde bryllaupet til sommaren som kommer?" spurte han i bilen då han køyrde meg til jobb på snøglatte veger... Dekka på bilen hadde godt grep om underlaget, samtidig som Knut mista festet i det snøballen av bryllaupsplanar fekk farten opp og spant av gårde.

Før Knut'n bak rattet fekk sukk for seg, og før vi var halvvegs til arbeidsplassen, så hadde 1881 sendt meg nummeret til kyrkjekontoret. Dama som tok telefonen på kontoret der kunne bekrefte at 25. juni var det ledig for vigsel klokka 14, og dermed var det bestemt. Lokalet hadde eg i det samme bestemt meg for å bestille så snart det lot seg gjere etter endt arbeidsdag.

"Det kunne kanskje vore greitt å drøye det til uti juli eller august?" kom det frå Knut som sat med oppsperra auger og halvåpen munn bak rattet "..sånn med tanke på at vi skal flytte heim først i juni, og med tanke på at du har eksamener og sånt då..?"

Nei, flytting og eksamenar skal ikkje få utgjere hinder for å gifte seg på sommarens finaste dato;
bryllaupsdagen til mamma og pappa, eller besta og besten som vi etterkvart er blitt meir vande med å kalle dei... Flyttesjau og eksamensmas er berre små fartsdumpar på vegen mot ein minnerik og fin dag i lag med familie og gode vener. Vi gler oss allereie! Masse :) ..joda, det stemmer! VI gler oss - altså Knut også, når han berre fekk 10 sekunder med betenknings- og fordøyingstid medan vi enda sat i bilen på veg til arbeid tidleg ein fredags morgon ;D



PS: Bryllaupsplanleggingssida vår kjem nok til å gå gjennom radikale endringar i dei næraste dagane, og i frå å vere min vesle idébank, så kjem den snarare til å fungere som ei side for formidling av informasjon i høve bryllaupet vårt ;)

4 comments:

  1. Eg kan ikkje anna enn å le, skal være glad de ikkje enda i ei katastrofe på slikt eit føre. men at ikkje Knut har lært etter desse ti åra med deg, men det gjer han vel ikkje. Eg har ikkje lært etter nesten 30. Hahahaha

    ReplyDelete
  2. Nei, det gjer han vel ikkje... Han meiner det ikkje er han som er tunglærd, men snarare at det er eg som har utilregnelege innfall... Kanskje får eg litt mange plutselege innfall, men kanskje burde han vere i beredskap 24/7 med tanke på all erfaring han etterkvart har bygd opp.. Godt å kunne skylde på kvarandre ;D

    ReplyDelete
  3. ditta der e NETT so meg!

    vi skulle egentli gifte oss 2 juli 2011..
    da forslaget om å framskynde det kom, hadde eg ordna kjole, booka kirka, prest fra solund og lokale før Pål fikk tenkt seg om ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...