Sunday, September 19, 2010

Der og då...

Når ein bloggar er det visse reglar å halde seg til etter kva eg har høyrt. Eg har dessverre ikkje høyrt meir, så kva desse reglane faktisk går ut på har eg ikkje fått med meg. Sensitiv og personleg informasjon er i grunn sjølvsagt, at det publiserer ein liksom ikkje. Problemet med ein slik regel er berre at kva som opplevast som for personleg eller for sensitivt er så veldig individuelt... Det er individuelt kva ein synest er greitt å dele til eikvar tid. Kva ein opplever som kurant å seie sånn i augenblinken.

Til dømes, den velvalgte (?) åpningsreplikken til ei venninne første gong eg helsa på ho var "Kaffi? Eg merka det sjuuukt godt på fordøyinga - det finnast ikkje betre reseptfritt mageregulerande middel". No er ikkje indirekte tale om personleg avføring det verste ein kan dele med andre, men allikevel er det gjerne ikkje standard informasjon å dele. Sjølv hadde eg lett kunne slumpa til med tilsvarande plumpt utsagn, og set pris på at andre også sleivar rundt seg med halvt upassande uttalingar i eit førstegongsmøte. Det skapar god stemning... i laaaaaaaang tid :D

Vel, det vart ikkje mindre enn ein liten digresjon. Det eg eigentleg ville formidle var, at dette kanskje synest upassande for nokre lesarar å dele om seg med... Men eg liker å dele. Så, til saka:

Eg var til gynekolog her ein dag.. Er deltakar i eit forskningsprosjekt om livmorhalskreftvaksina, og må derfor jamnleg opp i "stolen". Tenkte ikkje over desse "følgene" av å vere med på prosjektet då eg dei fyrste gongane berre tok vaksina, blodprøver, temperaturmålingar og så vidare. Men no skulle eg ynskje eg hadde tenkt litt lenger. Eg likar ikkje spesielt godt gynekologiske undersøkingar. Det er det vel strengt tatt ingen som gjere, men altså - eg likar det skikkeleg dårleg. Før og under kvar einaste gong eg skal til ei slik undersøking, så går eg rundt med det som bør kunne kallast møll i magen. Mykje møll.

"Du er ikkje aleine om det" forsikra gynekologen som undersøkte meg sist, og fortsatte med "mange har vanskar med å bestemme seg for om det er tannlegen eller gynekologen som er den verste å sitte i stolen hos"... Det fekk meg til å konsentrere meg om noko anna enn undersøkinga som pågjekk. Spørsmålet syntest særdeles relevant, for ikkje lenge etter skulle eg nemmeleg til tannlegen. Eg likar ikkje tannlegen heller, eg lider av det som på fagspråket kallast odontofobi. Sist eg var der, og opererte ut to visdomstenner nede, var eg høg på valium.

Med føtene kvilande i kvar sin bøyle hos gynekologen fekk eg meg ikkje til å konkludere med at hverken tannlegen eller gynekologen var best eller verst å gå til. Bøylane på si side minna meg om fødslar. Eg likar fødslar, kunne født ein gong kvar niande månad uten at det skulle tatt mot eller anna frå meg. Det er heilt enkelt kjekt å føde - verdas beste adrenalinkick med verdas beste "medalje" etter vel endt arbeid. Vel, eg gjekk frå gynekologen den dagen og tenkte at ho i alle fall hadde ein grei måte å få meg til å tenke på noko heilt anna, sjølv om eg ikkje likte å bli minna på tannlegetimen som eg grudde meg til.. Gynekolog-møllen i magen var brått forvandla til tannlege-møll i det gu'en var overstått.

I går var eg altså hos tannlegen, etter nesten 6år utan å ha vore innom eit tannlegekontor. Det var Knut som bestilte time til meg, etter å ha høyrt meg sei X antal gonger at eg burde vore til tannlegen og etter at han X antal gonger har oppfordra meg til å bestille time utan resultat. Då eg låg i tannlegestolen og prøvde å tenke på noko anna, kva som helst anna, så kom eg på gynekologen. Eg lurte på om eg kanskje hadde likt meg bedre i stolen hos henne, men konkluderte med at det ikkje var kjekkare hos ho, sjølv om det var rimeleg bedritent hos tannlegen. Ikkje i tannlegestolen heller klarte eg å komme opp med ein konklusjon. Bilda var tekne og resultatet stod på dataskjermen til tannlegen. Eg måtte bore. Der og då skulle eg ynskje at eg hadde fått valium på førehand slik som sist, men det var dessverre for seint. Hjartet hamra i vei i brystkassa mi som ein hare med reven i hælane, og henda var klamme av nervøs sveitte.

...Stolen vart kjøyrt ned i liggestilling, tannlegen tok på seg munnbindet og fann fram boret. Og det einaste som summa i hovudet mitt som om det gjekk på repeat var "Skulle ynskje eg heller var i fødsel, skulle ynskje eg heller var i fødsel, skulle ynskje eg heller var i fødsel!!!!!!!!!". Ei ganske enkelt tankerekke, frå gynekologen, til tannlegen, attende til gynekologen og derirfrå til fødestova. Og vips så var tannlegen ferdig med arbeidet sitt, medan eg for alvor hadde fått noko nytt å tenkje på. Fødsel og baby nummer 3, 4 og 5 :) Så no er det Knut som har møll i magen. Mange og store møll. Etter alt å dømme er baby-møll større og fleire enn gynekolog- og tannlege-møll til saman.
        


PS: Eg har ikkje sagt at han truleg må gå med møll i magen og høyre på mine baby-ynskjer i opptil fleire år framover, for før den tid kjem, når hus- og gifteplanar er vel overstått, så blir det nok med (verbalt uttrykte) ynskjetenkningar ;)

2 comments:

  1. trur eg tørr påstå at tannlege er verre enn gynekolog.. iallefall når ein mp båre, det kje så ekkel lyd og lukt.. usj og FYSJ! dessuten er prisen mykje verre og!

    ReplyDelete
  2. Kva prisen angår er eg heilt klart einig, ettersom gynekologtimane det her er snakk om er i forskningsøyemed og dermed gratis når det er snakk om kroner og ører. Lukt og lyd -tematikken er eg óg einig i.. Menne, opplevinga sånn ut over dette liksom... nei, eg finn dei to framleis ganske så likevektige 8[

    ...fødslar er uansett bedre. Enn begge deler, og gjerne til saman...

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...