Thursday, August 12, 2010

Visaen lukter svidd i følge mannen...

Tja, no er det ikkje blitt fullt så gale at eg brukar shopping slik eg ellers gjerne brukar is og sjokolade (sjå føre deg Bridget Jones??). Men kva som enn ligg bak shoppemanien, så må Knut like fullt bære :) ..må og må... han er snill og tilbyr seg, men håpar kanskje at eg skal vere høfleg og takke nei når han spør om han skal ta den 4. og 5. overfylte posen, som i likheit med dei andre, bular slik at du lurer på når og ikkje om den kjem til å sprekke.. Med det kjem eg tydelegvis ikkje på å gjere når han er i godhjørnet og er med å handle. Då er eg berre Glad, og positivt innstilt til alt, inkludert hyggelege tilbod om privat "pakkesel" til mine nyinnkjøpte eigendelar :)

(Har visst satt staken opp ned når eg i hui og hast skulle ta bildet XD)

Når vi var heime i sommar gjekk vi ein tur innom Bohus, og der hadde dei "tilfeldigvis" masse fiiint der også... :) ..for eksempel masser av "fattigmannssølv" :) Eg liker fattigmannssølvet, akkurat som eg liker sink. Så på Bohus fant eg trøst etter tapet av bøtta som eg (då) ikkje fekk tak i på Kremmerhuset i Førde. Det vil sei, eg kjøpte ikkje så mykje på Bohus eigentleg. Kjøpte ein stake til kubbelys og ein holdar til telys. Begge i fattigmannssølv. Og så fant eg nokre heilt enkle, kremfarga kvardagskrus som kjem til å ta seg godt ut når eg får kjøkken med hylle på veggen som har sånne krus-knaggar på undersida. Det blir fint, og så med Norges-glasa mine oppå hylla :D ..Ser det føre meg.. :)


Synest det ser ut som eit kongeleg, antikt drikkebeger :D

Eg fant forøvrig langt meir enn det eg kjøpte, som eg vil ha men som vi ikkje har plass til så lenge leiligheita i storbyen i vest er vår heim.. Blant anna eit fiiint glasfat med sånn kuppel (eller klokke eller kva ein kallar det), til å ha kaker eller kjeks ståande på, utan at dei blir støv på før dei skal etast. Ikkje at kaker eller kjeks her i huset rekker å verte nedstøva før dei blir etne, men fatet var i alle høve fint og ville presentert kjeksa godt dei ti minuttane kjeks får vere kjeks her i huset :)

Ellers var der et artig baderomssett med såpedispenser, såpeholdar, tannglas (kvifor heiter det tannglas og ikkje tannbørsteglass, når ein oftast set tannbørstane oppi og ikkje tennene..?) og ikkje minst dobørsteholdar i prega metall med sirlege mønster. Eg likte såpeholdaren i grunn, men dokostholdar i prega metall med sirlege mønster blei i alle fall litt for mykje av det gode etter min smak..  Finurleg baderomssett i alle fall!


Forresten hadde dei emaljert sink også, i form av ei søt lita vasskanne meint til små potteplantar. Kunne i grunn tenkt meg ei sånn ei, så eg burde gjerne kjøpt ei i alle fall med tanke på at den kosta under 40,-. Men eg lurer på om kanskje ikkje dette er ein sånn greie som ser søtare ut i butikken enn kva den ville gjort heime? ...kunne ho uansett gjort nytte som vasskanne til inneplantane mine...


Eg får tenke på det, og når eg er ferdig å tenke så avgjer vel varebehaldninga til Bohus at eg ikkje skal ha ei sånn ei uansett kva eg har bestemt meg for. Akkurat som reingjeringsbøtta hos Kremmerhuset (i alle fall nesten) som virka til å ikkje ville bli mi, før eg endeleg traff blink etter relativt lang tids leiting...

Moralen er: Det er mykje forskjellig og fint på tilbod hos Bohus om dagane. Verdt å ta ein tur, i alle fall om du har nokon som kan bære fangsten heim for deg! :D


...unnlot visst å fortelle om den søte skåla eg kjøpte til snuppelita, forma som ei (gyldenfarga) krone.. Er nok eigentleg ein telysholdar, men eg trur den passar perfekt som holdar til dei små prinsessesmykka hennar :D

2 comments:

  1. Du er så herlig hihih! Er gøy å lese bloggen din - når jeg husker på å ta en titt inn her.

    Du har kjøpt så mye fint - tror jeg må ta meg en tur jeg også :p Mannen sier takk! (med et hint av ironi).

    ReplyDelete
  2. Takk, søte du :)

    Er fornøgd med det innkjøpte og lengter etter det som fikk stå igjen i hyllene til Bohus sjøl om eg hadde lyst på det... Trur eg har blitt bitt, av shoppe-basillen X)

    Og forresten, eg velger å oversjå hintet av ironi og helsar "ver-så-god" tilbake til Elsa Sif sin mann :) God handletur, med eller uten privat pakkesel ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...