Saturday, August 14, 2010

Meny for seks veker

Etter at den forrige middagsplanen min vart kasta ved eit uhell, i min iver etter å kaste absolutt alt unyttig for å rydde plass til mine nyinnkjøpte eigendelar, så har eg no fått satt saman ein ny plan.

Forutan at det heile sklei litt ut i den intense eksamensperioden med lite heimetid og i den påfølgande sommarferien, så har vi i lang tid fulgt ein rullerande middagsplan som strekker seg over seks veker. I løpet av desse seks vekene er det kun pannekaker som står oppført på menyen to gonger, då fordi husets yngste herremann eeeelsker nettopp pannekaker. Så med ein slik plan får ein verkeleg varierte middagar, i alle fall for vår del som tidlegare har hatt ein tendens til å usystematisk variere mellom eit langt mindre antal middagsrettar. Forutan at mannen i utgongspunktet var skeptisk til konseptet, fordi han ikkje likte det faktum at han om han ville kunne rekne seg fram og finne ut kva han skulle ha til middag eksempelvis på tredveårsdagen sin, så er det kun positivt å trekke fram med å ha ein slik plan.

Merk: dette er kun for dei tre første vekene i planen,
dei tre neste finn du på biletet lengre nede på sida ;)

Ein sparar seg for nærast daglege turar på butikken (vi handlar inn for minst ei heil veke om gongen), ein sparar seg dermed også for pengar (det går alltid meir pengar enn planlagt når ein "berre" skal kjøpe inn litt småting), og ikkje minst (og det beste av alt) sparar ein seg for Tid i butikken ettersom ein ikkje treng luuure på og vurdere fram og tilbake kva ein skal kjøpe til middag.

Love it, Love It, LOVE IT!!! :D

(Dette er altså dei tre siste vekene av menyen)

Vel, om du skulle få lyst til å lage deg ein eigen middagsplan så kan du kanskje få nokre idéar av å få sjå kva vi et til middag heime hos oss? Eventuelt kan du gjere det heeeilt enkelt, ved å lagre og skrive ut min ferdige plan ;P Feel free :)

NB! Husk i såfall å klikke på bildet med venstre musetast, slik at du får det opp i eit eige vindauge. Enten kjem biletet opp i full størrelse med ein gong av seg sjølv, eller så må du klikke på biletet med forstørrelsesglaset (musa), før du så lagrar det for utskrift ;) Så får du biletet i fullt format og utskrifta vert betre :)


4 comments:

  1. Graut på en tirsdag, ja.. hehe, den hadde nok ikkje fungert på sunnmøre.. ;) Trur ej knabber litt middagstips frå deg, eg:) Lykke til med studiestarten som er rett rundt hjørnet!

    ReplyDelete
  2. Stemmer.. det er gjerne fredagsmat det? Eller laurdagslunsj kanskje? ..men eg liker ikkje graut, og siden mandager gjerne er kjipe nok frå før (det seiast i alle fall), så tok eg grauten på nettopp tirsdagen. Få det raskt overstått i løpet av veka liksom :D hehe

    Knabb i vei ;) Og lykke til med studiestart du også :)

    ReplyDelete
  3. wow, for ei flink og organisert dame!! også så mye forskjellig og variert mat!
    kan være jeg knabber noen oppskrifter jeg også, spørs bare om jeg klarer å lage halvparten>:)

    ReplyDelete
  4. Takk Beate :) :D *suger til seg komplimenter for det andre (les: familie og venner) påstår må vere utslag av eit snev autisme* :D

    Forresten, berre å spørre om det er noko spesielt du vil prøve som du ikkje har oppskrift på, så skal eg skrive ned så godt eg kan ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...