IKEA kom ut med
ny katalog i går, og heldig som eg var fekk eg han
rykande fersk tildelt av ein
smilande IKEA-ansatt når eg og ungane var på bytur med vener i går. Det første eg gjorde når eg kom heim så snart anledninga baud seg, var å sette meg ned å
bla gjennom. Mannen fikk eit akutt innfall, som resulterte i ei ståande avtale om
tur til IKEA førstkommande laurdag. Eg gleeer meg!
Og de som ventar på å få vidunderet i posten,
gled dykk de også. Me liiike IKEA :)
PS: I forrige veke henta eg meg årets katalog frå
Black Design også, samt julekatalogen deira. Eg
elskar å kikke i desse katalogane, ikkje minst fordi det i alle tilfeller er langt
billegare en "vindusshopping" som ofte endar med litt real life shopping.. :S
No comments:
Post a Comment
Legg gjerne igjen eit spor etter deg!