Thursday, July 8, 2010

Ut på tur i vakker natur

Mi yngste syster har om dagane besøk av tre vener frå England, som gjerne har lyst å sjå "klassisk" norsk natur. Isbreane er ikkje eit unntak, og dermed reiste heile familien her på tur til Briksdalsbreen i går. Briksdalsbreen er ein arm av Jostedalsbreen i Jotunheimen Nasjonalpark, og ligg innst i Oldedalen i Sogn og Fjordane. Brefronten ligg ved enden av eit lite vatn, som eg hugsar som ein liten sølepytt frå sist eg var der for litt over ti år sidan. Den gong, på midten av 90-talet, hugser eg at yngstesyster mi som 3-4åring vassa i pytten med sine små støvlar utan at vatnet rakk over støvlekanten. Og i dag er pytten, som har fått namnet Briksdalsbrevatnet, altså blitt ein heil liten innsjø! Ting endrar seg jammen raskt..



Må sei at turen opp var nydeleg, og akkurat passeleg med ei på to år og ein på fem år i turfylgjet. Eldstemann gjekk for eigen motor heile vegen opp, mens minsta sat i Bergans Bæremeis. (Må sei eg angrar på å la MeiTai'en ligge igjen i Bergen når eg reiste heim med ungane, for MeiTai er himmelen i forhold til ei stiv og relativt tung meis!) Naturen opp til og rundt breen er herleg og lufta kjennest ekstra frisk synest eg. Sjølvsmurd niste med brunost og nokre kvikklunsj på deling var eit must, når vi fyrst skulle ha turistane med ut på tur i vakker natur på tradisjonelt vis. Appelsin gløymde vi, men for min del er sjokoladen det viktigaste, så det gjorde i grunn lite med den appelsina :P


Alt i alt - fin tur i uslåeleg vakker natur, for både store og små, engelske og norske :) *anbefalast*

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...