Friday, March 29, 2013

Jesus vs Påskeharen


Ungane gjekk påskerebus i går, og skulle blant anna svare på om det er påskeharen, Jesus eller påskekyllingen som er den eigentlege hovudpersonen i påska..

"Ikkje enkelt.." meinte fleire. "Lurespørsmål!" påstod andre. "Lett å la seg lure", sa éin, "og tru at det er Jesus når det eigentleg er påskeharen.."
Men alle viste at det var palmeplad, og ikkje banan- eller teikneserieblad, som vart lagt ned på vegen då Jesus kom ridande på eselet i innleiinga til påska..

I dag har eg sett fram eit påskebilde som skulle kastast på skulen her. For sjølv om det er kjekt at påskeharen kjem på besøk til sjoko-glade store og små, så vil eg gjerne at ungane skal vite kva som er den eigentlege grunnen til at vi feirer påske, og har ein av verdas lengste påskeferiar..

Det spørst om politikarane vert overbeviste om at påskeferietradisjonen må haldast ved like, så vi har god tid saman med familien til å heidre påskeharen og støtte sjokoladeprodusentane...





No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...