Sunday, May 6, 2012

Dekorerte veggar på barneromma

Forrige helg arbeidde eg og ungane i hagen, 
og fekk planta ut sukkererter, sådd gulrøter,
strødd frø til "markjordbær" og blomstereng,
og fabulerte om at vi denne helga skulle sette poteter...
Alt dette medan vi tassa rundt i korte ermer
og samla fregner under herleg vårsol ♥

Det vart ikkje potetsetting i helga for å sei det enkelt.
Surt og kaldt, og vinterjakkeveir for frostpinnar som meg.
Men det betydde jo berre at tida måtte nyttast godt innomhus,
og dermed er veggane på romma til ungane blitt dekorerte
med diverse veggklistremerker frå rundtomkring...

Snuppa har fått eit nydeleg tre med uhorveleg mange blader...



 ...nokre skjønne og fargeglade ugler på ei grein....


...og ein songglad spurv på lista over vindauget.




Veslegut storebror har for lenge sidan bestemt seg 
for at han skal ha StarWars-rom, så han har fått to 
jedi'ar som skal passe på han når han søv:




Og no ynskjer eg meg veggdekor på mitt soverom.
Initialane til meg og min kjære, som eit monogram over senga til dømes...


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...