Showing posts with label milkshake. Show all posts
Showing posts with label milkshake. Show all posts

Monday, June 14, 2010

Har du ei brun banan?

Her kastar vi ikkje brune bananer, i alle fall ikkje dei som berre ser ut som deformerte giraffhalsar.
Desse bananene er ypperlege til å lage bananmilkshake av (eller eventuelt smoothie for dei som vil vere hakket sunnare) :o)



I dag hadde vi ei slik banan liggande på kjøkkenbenken, ja faktisk to stykker av same typen...
Ergo kunne vi lage mykje bananmilkshake! *Yummi* I kjøleskapet hadde vi i tillegg ein skvett med vaniljesaus, så den fikk lov å vere med i miksaren saman med banana i staden for sukker som vi eller gjerne hadde brukt litt av (sjølv om det sikkert strengt tatt ikkje hadde vore heeeilt nødvendig).

Kjapt oppsummert oppskrift:

1 1/2 banan (siste halvdelen av dei to "prøvesmakte" lille snuppa i huset)
1 dæsj vaniljesaus (evt 1ss sukker, litt vaniljesukker eller ei kule vaniljeis - alt etter kva ein har for hand)
og så melk sjølvsagt, akkurat så mykje som ein ynskjer...

Full fart på miksaren i eit halvt minutt og voila;
banandrøm i glas som kan nytast med sugerør saman med frukosten, lunsjen eller for seg sjølv, som eit kjapt mellommåltid! Bon apetit! :o)

Dagens motto; Ikke undervurder verdien av ei brun banan!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...