Showing posts with label dyr. Show all posts
Showing posts with label dyr. Show all posts

Sunday, July 3, 2011

Bønder heime frå Bergen by

Det er godt å vere bønder og det er godt å vere i by'n.
I alle fall er det heilt topp å vere "kaninbønder",
med to små kosekaniner som er 6veker gamle i dag.
Dei flytta frå mamma-Stella og pappa-Trampe på fredag,
og vart med oss på weekend-tur.. 


Denne langøyra, lodne skjønningen heiter Smitt.
Broren hans (vi håper det er to brødre!), Smule, har vi ikkje fått tatt bilde av...
Men om litt skal du få helse på han også,
etter at eg berre har klart å lage eit kaninhus til dei.

♥

Ellers har det også vore veldig godt å vere i by'n
hos gode, supergjestfrie venner.
 Gode og supergjestfrie venner med båt!


Storebror, meg og Vesle Dunder kosa oss. Masse.
Det gjorde pappa'en også,
for han kunne for første gang reise til Bergen sentrum,
uten å måtte irritere seg over gater overfylt av folk på handlings.
Pappa'ene sat nemmelig oppi båten i havna,
saman med ungane og kosa seg med pizza.

Vi mamma'ene var på ein liten shoppetur
(Søstrene Grene har åpna butikk i Bergen, jo!!!),
og så var vi på redesign-workshop.
Vi laga skåler av LP-plater og fekk eit par andre artige idéar også..
Resultatet skal eg vise fram ein annan dag,
for no skal vi kose oss med iskake-rest
etter bryllaupet

♥
  

Tuesday, June 28, 2011

Opplevinga startar med parkeringa

For ti år sidan, den 15. desember 2001, vart vi kjærestar.
For åtte år sidan, i mai 2003, vart vi sambuarar.
For seks år sidan, i september 2005, vart vi foreldre saman.
For fire år sidan, den 30. mars 2007, skreiv vi under på ekteskapspapira.
For tre dagar sidan fekk vi kyrkjeleg velsigning som rette ektefolk,
og holdt bryllaupsfest med mange av våre nære og kjære.

♥ Endeleg ♥


Inneklemt mellom regnfulle dagar,
låg vår laurdag regnfri og venta på oss,
på mamma og pappa sin 28års bryllaupsdag ♥


 Blomstrane hadde eg berre gitt vage spesifikasjonar til,
men den vart heilt perfekt ♥

..og det var kjekt at ikkje alt var heilt 100% bestemt på førehand,
slik at den kom som ei hyggeleg overrasking på eit vis..


Dei søte små konglene som er å sjå her og der
er handplukka av mine søte små - guttungen og dunderet,
frå hemlock-treet som min gode morfar, som døde då eg var eitt år, 
kjærleg planta for mange år sidan.
Så var han på ein måte med denne dagen han også

♥ 


Så ei veke etter at leiligheita i Bergen er nedpakka, utvaska og forlatt,
så har vi endeleg parkert der vi skal dele heile resten av livet.
Den nye heimen har fått sin start, og markeringa
var litt av ei oppleving!

Min kjære onkel og gudfar sa det så godt i den fine tala han holdt til oss,
som han så kreativt fant inspirasjon til på baksida av ein parkeringslappe;

Opplevinga startar med parkeringa!

Eg gler meg til å kunne gje dykk meir oppdatering og fleire bilder frå dagen vår!
Og forresten håper eg å kunne annonsere familieforøkning etter helga.
To små kanin-nøster vert forhåpentlegvis våre på fredag,
og små og store gler seg stort til det

♥ 

Tuesday, June 14, 2011

Flytting og farvel

Heime hos Oss rådar eit einaste flyttekasseinferno. Kasser med bøker, kasser med DVD'ar, kasser med kjøkkenreiskapar og -maskiner, kassar med Gud veit kva.. Kassar over alt. Og alle hjelper til med å pakke ting i kassane. Det er i grunn litt triveleg. Samarbeidet altså. Ikkje å bu blant kassar..


Det som er enda mindre hyggeleg enn kassar, er å ta farvel. Farvel med gode vener i eit trygt og triveleg nabolag, farvel til leikekameratar og leikeplassen... Og like  vemodig som å seie farvel til gode vener, er å måtte ta farvel med ein trygg og god barnehage med verdens skjønnaste ansatte ♥

Det fine med at avskjeden er trist, er det faktum at tida i nabolaget og barnehagen har vore nydeleg. Vi har hatt det heilt fantastisk, både barn og vaksne.
Vi har samla minner. Gode minner.
Eg gler meg til vi har sett dei i album og kan bla i dei,
ikkje "berre" ha dei som indre bilder - sjølv om indre bilder er fine dei også...



Vi har forresten også sagt farvel til vår firbeinte venn.
Han har flytta til vener, ettersom vi det neste halve året ikkje ville komme til å kunne finne ei god nok midlertidig løysing hos oss sjølve fram til huset står ferdig... :'/
Jammen godt at vi kan få høve til å helse på han,
ellers hadde det vore veldig vemodig å ikkje ta han med
på flyttelasset ♥


Han fekk nytt namn med nye eigarar,
og no er altså vår Panjang (betyr "langt liv" på indonesisk) 
blitt namnebror med min kjære mann ♥
Kor kool er vel ikkje det!? Love it! 

...Bye bye skilpadde-Knut...



Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...