Showing posts with label EuroPris. Show all posts
Showing posts with label EuroPris. Show all posts

Thursday, August 12, 2010

Shoppoholic

Det er i grunn ikkje heilt typisk for å vere meg... eg blir ofte småvarm i toppen berre av å tenke på shopping nemmelig.. i alle fall på laurdagar... Meeen, no i ferien er det visst kjekt. Veldig kjekt. Det kan fort bli ein (u-)vane, så no er det jammen godt at det ikkje er lenge igjen før skulen begynner og kvardagen set inn igjen. Det trengst! Både med tanke på at jo før eg kjem i gong, jo før er eg ferdig og er enda nærare å bu i eigen bustad... (reint psykologisk i alle fall, så følest det som at tida går fortare :) Men óg med tanke på lommeboka, for den ser ut som at den har vore på diett (noko den har ettersom Lånekassa ikkje forstår at studentar må ha pengar til mat og husleige også i sommarmånadane...) :S

Reint til tross for at lommeboka kunne trengt ein redningsaksjon av eit eller anna slag, for å komme opp på eit meir akseptabelt nivå, så har eg altså (som overskrifta peikar på) funnet høve til å bedrive handling.. Og eg likte det! :) Kjenner suget etter å gå på spesielt interiørbutikkar, etter ein heil dag utan no som eg har vore på shopping to dagar på rad.. Går det verkeleg an å bli så fort avhengig?? ..utanom av sjokolade så klart, for det VEIT eg at går an.. Lett..

Hugsar du den fiiine vaskemiddelboksen eg viste for litt sidan, som eg hadde "adoptert" frå Kremmerhuset? Den i emaljert sink med påskrifta "vaskepulver"..? Ho har fått seg ei syster!!!


Og dei er sååå fine i lag :) ...og for ikkje å snakke om kor godt dei tek seg ut i lag med storebroren, som no er fylt med mine fine vaskemiddel frå Durance og BelleMaison, samt nye vaskeklutar i fin, natur-linfarge (frå EuroPris)... Love it, love it, love it! (Denne har eg jobba for å få tak i... var innom 3 Kremmerhuset-butikkar før eg endelig fant ei av desse bøttene... Er berre siste rest igjen av desse tinga, som visst nok har vore i sortimentet ei stund, og er på veg ut..) Flaks at ei av dei er blitt MIIII! <3 :)

 

Forøvrig er det massevis av gode tilbod for tida. Eg har fått 3 nye jeans til ein nett totalsum av 49,- på BikBok (kosta eigentleg 3000,- totalt ordinært!). Ooog, eg er så glad for at bukser med vide buksebein er på veg tilbake etter ein lang periode med dei smale buksebeina som eg berre akkurat og under tvil muligens blitt fortruleg med.. Endelig kan anklane få puste igjen :D *Jippi*

Ooog for ikkje å snakke om, det andre røvarkjøpet mitt.. Luksus-kjøp sådan, ettersom eg foretrekker god mat framfor gode hårprodukt sånn ellers når stipend og lån skal forvaltast; Frisørsjampo og -balsam frå TIGI BedHead. Og det var ikkje berre litt sjampo og balsam eg fekk for pengane (549,-) hos DeCapo på Bystasjonen, neida en galleon av kver. Det vil seie 3,79liter av kvar!!! Hadde det ikkje vore for pumpeanretninga på dunkane, så er dei store nok til at dei kunne tålt å bli brukte som dusjkrakkar XD Er godt nøgd i alle fall, ettersom eg har frisørsjampo til samme pris (om ikkje billegare..) som tullesjampo på Rema1000!



Feel good - self absorbed indeed XP
Men no må eg kanskje heller bli litt meir absorbed i lommeboka sin tilstand,
i alle fall for ei lita stund :)



Det er godt å unne seg litt innimellom, gjer det du også.. ;)

Wednesday, July 28, 2010

Tid for uterom

Sommaren er den viktigaste tida for uterommet i løpet av året, men kor mykje rom det er for å bruke tid i hagen, med to små å passe på, er også eit tema.. For sommaren, og med det meinar eg ferien, er jo vel så mykje tida for å vere i lag med ungane - familien. Slik det er no så er vi heime med vår framtidige bustad kun i feriane, og då blir det desto meir press på timane med godveir når vi altså er heime og kan gjere noko. Samstundes er timane med goveir viktig å bruke litt saman med ungane også, så dei får gått på stranda, vassa, fange småkrabbar og plukke fine skjell medan dei er på ferie. Godveirsdagane kjem ho ikkje i bøtter og spann for deira vedkommande heller her på Vestlandet..
Men innimellom alle regnveirsdagane har vi altså klart å utnytte finveiret ganske greit.


Vi har vore på stranda to dagar - ein dag med regnklede og støvlar og ein dag med badeklede og handdukar :) Begge dagane hadde vi med kjeks og jus og diverse anna godt så vi uansett skulle kose oss - anten det vart regn eller om nokon skulle vere uheldige å få småskader på føtene på alle skjella i sanden. Små "ulykker" kan rettast opp igjen om ein berre har med det rette botemiddelet sjølvsagt :)


Elles har mannen vore effektiv og flink og saga opp tømmer og kløyvd ved så Mormor skal ha ved til vinteren, når gradene synker under frysepunktet og strømprisane skyter i veiret. Om nokre dagar kjem også Svigerfar for å hjelpe til med saging, kløyving og stabling - snill og nevenyttig som han er :) Så då får eg vere kaffikone. Kanskje blir det lappar eller vaflar på karane og alle oss andre også mens dei arbeider :)


Forøvrig er det ikkje berre mannen som har arbeidd ute. Men eg på mi side har vore meir oppteken med førebuingar til vi kjem heim for å bli verande neste sommar. Så no har eg laga plantekassar og ordna ein liten urtehage til oss. Kassane har eg gjort av gamle trekassar (dei største var brukt som eplekasser og den vesle har det vore grønnsåpe i..). Desse har eg altså malt i 2 strøk med restar av oljebasert kvitmaling (eggeskall-farga), og vidare kledd med grunnmursplast på innsida. I botn av kassane har eg lagt eit godt lag med lecakuler og så har eg fylt opp med plantejord. (Hageland har tilbod på 5 sekkar plantejord til 200,-). Foreløbig har eg planta løpstikke, basilikum, oregano, rosmarin, graslauk og sitronmelisse. Har fått lov til å "stjele" litt mynthe som pappa og mamma har i hagen sin for å plante ned også, pluss at eg må få tak i timian og bladpersille. Så har eg vel det meste eg kunne trenge.. :) Estragon burde eg gjerne hatt, men det brukar vi så sjelden at det trur eg ikkje eg gidder styre med å få tak i no uansett ;P Eg er forøvrig usikker på kva av urtene som held til neste år, men det ser eg no. Er ikkje verdas undergong om ikkje alt overlever vinteren og eg må kjøpe litt nytt. Då har eg i alle fall lært til neste år igjen.. :)


Blei godt nøgd med urtehagen min i alle fall :) Nostalgisk følelse får eg av å sjå på dei beplanta trekassane, med skjønne små sinkskilt påskrevet urtenamna (kjøpt på Plantasjen)! :)

Forresten så har hagen blitt pynta med to skjønne sinkbøtter med kvar sin lavendel oppi. Plantasjen hadde lavendel-tilbod, og ettersom lavendel er yndlingslukta til nasa mi om dagane, så kunne eg jo ikkje la vere å slå til :)

Og sånn heilt til slutt så må eg ikkje gløyme - eg har jo fått utnytta regnveirsdagane sånn nokon lunde også. Eg har handla litt for å sei det enkelt.. :) Eg har blant anna blitt hekta på sink, og ikkje mindre vart eg hovudstups forelska i boksane eg fann. Dermed måtte eg berre ha dei; ein til å oppbevare våtserviettpakning i som eg kjøpte på Ting, og ein til å ha diverse systæsj oppi som eg kjøpte på Kremmarhuset.


På Kremmarhuset fann eg også en nusseleg emaljert boks med lok til å ha vaskepulver oppi, og den kunne eg ikkje la vere att i butikken, stakkars. Så den vart med meg heim den også :)



Og så oppdaga eg at dei jammen har lavendel-stæsj på EuroPris også! Duftolje, potpurri og duftsteinar i boks skal få setje si lukt i leiligheita vår etter ferien ;) Litt er og litt der, så det ikkje vert for mykje så klart :P På Ting hadde dei ellers ein vaskemiddelserie som ser veldig fin ut, utan at eg enda har prøvd den. Den heiter BelleMaison og baderomsmiddelet i serien hadde ei lukt av lavendel og mint, så dermed vart det til at den blei med meg heim. Og visst den viser seg å vere bra, så skal eg jammen prøve ut fleire av produkta i serien også, ettersom den heiter seg å vere miljøvenleg også :)

Dette vart truleg mitt livs lengste blogginnlegg, og når eg allikevel er inne på "mitt livs" tematikken (og når innlegget allikevel er så langt..) kan eg liksågodt avrunde med å informere om at eg i sommar har fått mitt livs første flått.. Guffent, men allikevel ikkje så guffent som eg med min insektsfobi trodde det skulle være (heldigvis!!!) Leste forøvrig nylig at om ein et ei teskjei rå kvitlauk om dagen, så bit ikkje flåtten seg fast - kanskje verdt eit forsøk? ;)




...og god sommar vidare, med eller utan flått :D
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...