Wednesday, March 30, 2011

♥ ♥ ♥ I heart you ♥ ♥ ♥

Har lagt merke til at mange brukar fine symbol i tekstane sine, på facebook, forum og på bloggane sine. Eg derimot har berre ikkje fått det til. Ikkje før no ☺Jippi!!!
Eg fekk eit tips om ei fin side der alt stod greit forklart ♥

Så, no gjeld det berre å hugse kodar så eg slepp å vere avhengig av å stadig returnere til oppskriftssida for å friske opp hukommelsen...

Fann ingen kode for å lage sommarfugl då.. Det skulle eg gjerne hatt, og eg veit det finst.
Men inntil eg finn ut av sommarfuglane, så får eg bruke ❀og ☀ for å mane sommarkjensle fram...

Dagen i dag har hinta om at sommaren, med våren som forløpar, snart er på veg. Nydeleg sol og herleg opplett = mange born ute og leikar, og mange foreldre ute for å slå av ein naboprat og drikke kaffi medan vi held ungane under trygt oppsyn. Kan livet bli bedre? Neppe ☺





PS: I dag er det 4 år sidan eg og mannen skreiv under på ekteskapspapira, så i følge staten har vi bryllaupsdag i dag ♥, trass i at vi sjølv berre føler oss formelt forlova... Uansett - det er ein grunn til å feire, og det har eg gjort. Med iskaffi  ☺

3 comments:

  1. Gratulerer så masse med bryllupsdag! HErlig!

    Morsomt at du har funnet den siden, skal ta en titt selv!

    Ønsker deg en fin kveld!
    Klem

    ReplyDelete
  2. Gratulere ;D
    Viste ikke at det fants, takk for tipset, tror jeg må ta meg et tips selv :D

    ReplyDelete
  3. Gratulerer til dere:)
    Kjekt du er med på min Give away:)
    Ha en flott dag:)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...