Friday, February 24, 2012

Rammer i livet..

Som regel rammar vi inn fortida.
Fine bileter, måleri eller teikningar
som minner oss om noko som har vore.

Minner i rammer er fint.

Tomme rammer er også fint.
Det er forventningar.
Tomme rammer er framtidsdraumar.

Eg har allereie bestemt kva vegg som skal prydast
med fortid, notid og framtid.
(Treng eg sei at eg gler meg til huset står klart,
til innflytting og innreiing?)

Eg skal ha rammene fylt med minner,
rammer som vi lett kan stikke stadig nye bileter eller teikningar i,
og fine, tomme rammer fylt med framtidsplanar...

Her kan du vinne ei fin ramme, som du kan fylle med det du måtte ynskje,
av fortid, notid eller framtid :)



1 comment:

  1. Så herlig innlegg :)

    Fabelaktig fredag til deg og dine.
    Her i huset har ny gardinstang satt opp, nye gardiner hengt opp og mannen har bakt deilig pizza. Nå er det ett glass vin og avslapning foran tven:)
    Stort smil fra meg

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...