Monday, November 21, 2011

Engletid

Eg kjenner meg som ein framand her inne no...
Nesten så eg føler eg må banke forsiktig på,
og kanskje presentere meg sånn for sikkerheits skuld..

Eg er her framleis. Sjelden, men allikevel..
Eg har ikkje tenkt å vere så framand som eg er no,
så veldig mykje lenger.
Men ein veit jo aldri. Plutseleg kjem det noko føre.
Det har det gjort.

Har hatt andre tankar å tenke på enn slike som har noko her å gjere.
Blant anna jobbtankar. Ganske mange jobbtankar.
Og dei har heller ingenting her å gjere..
Men no er det altså snart jul.
Dagane fyk av gårde.
Kvardag som helg.

Og plutseleg er ho her. Juletida.
Den fine juletida.
Som også er engletid.
Eg trur på englar. Kvardagsenglar.
Englar midt i blant oss.
Eg treff på slike kvar dag.
Fine folk som rett og slett gjer livet nydeleg.

Juleenglane minner meg på at slike fine folk
er dei eigentlege englane.
Juleenglane er fine. Eg gler meg til å pynte med dei til jul.
Men kvardagsenglane er dei finaste.
Og dei er her heile tida. Heile året.






Og lukke til med forberedingane til adventstida!

3 comments:

  1. Så fint du skriver om engler :-) Det setter tankene i sving også hos meg. Du har så rett så rett! Hverdags englene er de fineste :-)
    Jeg tror også på engler :-)
    Ønsker deg en fin fin dag :-)
    Hilsen Anja Ytrehauge Malinen

    ReplyDelete
  2. Nydelig skrevet *blir varm om hjertet*

    Fabelaktig kveld til deg,
    jeg skal pakke kofferten til Købentur.

    Klem

    ReplyDelete
  3. Kjekt at du er innom her igjenn:) Håpa kanskje du kunne delt oppskrifta di på heimelaga røkelse som du laga i fjor? For den var veldig god, så er det jo tida for å fylle huset med julelukt:))

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...