Sunday, August 14, 2011

No begynner det!


Livet som foreldre til ein skulegut.
Ein spenn klar skulegut.
Sekken er pakka med blyant, viskelær,
og med førskuleboka frå barnehagen.
Kven veit, boka kan jo komme godt med?
Det er enda blanke ark og uskrivne sider i den,
og han skal jo lære seg å skrive.
Fylle fleirfoldige sider med skrift.
Først begynnarskrift og seinare meir sirleg skrift...
Eg håpar han liker så godt å skrive,
at han ikkje får komt til den sirlege skrifta
før denne boka er tom for uskrivne sider..
Og eg gler meg til å lese det han skriv.
Alt det som ikkje er hemmeleg såklart...
Og før vi veit ordet av det så er dei neste ti åra også gått.


Eg kjenner eg lurer på kva tankar han har då.
Om skule og utdanning så langt, om vegvalg vidare i livet,
om oss her heime - har vi vore så gode foreldre som vi sjølv ynskjer å vere?
Og, viktigast av alt: kva tankar har han om seg sjølv?

Ein stor del av grunnlaget er alt lagt,
men det kjennest ut som at det er no det verkeleg begynner.
Morgondagen kjem til å sitte som spikra i minnet livet ut.
Eg håper morgondagen og resten av skulegongen
vert minner med klar overvekt av gode opplevingar,
for han og for alle dei andre som han skal dele skuletida si med.

♥ 

Med ynskjer om positive dagar
fylt med gode venskap og læreglede,
for alle ferske skuleborn!



4 comments:

  1. Du skriver alltid så herlig! Jeg sitter og smiler :)

    Lykke til på første skoledag til skolegutten!

    Klemklem

    ReplyDelete
  2. Å så koselig et innlegg!! Du har jammen meg et heldig barn, som har en slik engasjert mor mener jeg. Hilsen læreren som gleder seg til skolestart neste mandag :)

    ReplyDelete
  3. Ei stund sidan eg har vore innom deg no i ferien, så no må eg fyrst seia: Gratulerer med bryllaup!! Så vakre de var! Flott brudekjole, og kjekt å lesa om dagen dykkar.

    Og no kjem ein ny viktig dag... Eg hadde skulejente for fyrste gong i fjor, veldig spesielt og kjekt, så gled deg! Lukke til, klem!

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...