Thursday, August 11, 2011

Bryllaup i bilder - DEL 2

Det er ikkje det at eg treng den meir.

Og heller ikkje det at den gjer seg godt i skapet mitt.
Forresten får den faktisk ikkje plass i noko skap.


Men allikevel var det veldig vemodig
å gjere kjolen klar for salg i går...

No er den rein, fin, knappen til slepet er festa bedre,
sølvlenka framme og snøringa i ryggen er sirleg tredd på nytt...
God som gull og god som ny!


Kort sagt: kjolen er klar for salg,
men eg er altså ikkje klar for det.
Eg kunne tenke meg å sy den om til dåpskjole.
Men det hadde blitt ein alt for dyr dåpskjole.

Eg kunne tenke meg å ta den på i smug i ny og ne,

berre for å mimre.
Men det hadde blitt for sært.


Eg kunne tenke meg å ha den ståande
til pynt på ei skredderdukke.
Men den hadde berre støva ned og blitt stygg.


Eg kunne tenke meg å gifte meg igjen,
berre for å få gå med kjolen ein gong til.
Men det måtte vere med samme mannen,
og han går tvilsomt med på enda eit bryllaup på eit så tynt grunnlag.


Så då blir det salg då.
Med ei lita tåre innerst i augekroken.
...eller så får eg ikkje solgt den,
og då må eg kjøpe meg eit glasmonter
så kjolen ikkje støvar ned,
og få satt kjolen til pynt på soverommet allikevel.
Med ei lita tåre innerst i augekroken då også.
Men då blir det ei gledeståre.


NB: Kjolen med underskjørt vert solgt,
perdig nedpruta til under halv pris,
for 7000,-

2 comments:

  1. eg føle på det samme som du. Derfor har eg ikkje tenkt å legge den ut for salg endå ;) må få det litt på avstand før eg tar steget :P blir sikkert lettare å gjennomføre det når irritasjonen over at lagringsplassen er for liten blir for stor hehe.

    ReplyDelete
  2. Nydelig kjole! Aldeles nydelig :) I dag har eg vore gift i 11 år, og kjolen min heng i skapet enno. Men den er sydd av silke som min morfar kjøpte i Japan til mi mamma når ho skulle konfirmera seg, men det vart aldri brukt - før eg skulle gifta meg. Og det er tanta til mannen min som har sydd den - så den blir rett og slett aldri solgt ;)

    Ha ein flott fredag og ei nydelig helg!

    Klem Eli

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...