Wednesday, April 13, 2011

Travle dagar

No har det visst vore stille her eit par dagar. Tidsklemma er påtrengande, noko alle nok har erfart frå tid til anna... Det betyr mindre tid til hobbyar - som til dømes blogging..

Kort oppsummert går dagane med til studier, særemne og eksamensforberedingar, huslege syslar, vere ute lange ettermiddagar med ungane i det fine veiret, bryllaupsplanlegging, sosialisering og eg kunne fortsatt enda lengre... Ikkje ein unik situasjon, men denne tidsklemma kjenner eg i alle fall at er mi. Jammen godt at påska er på veg, men ikkje like fint at den vert oppfylt av eksamenslesing og særemneskriving. Men, men.. ferie kan eg visst ha ein heilt anna gong!

No skal eg lese Are Kalvø i bøtter og spann.. Du skjønner, eg har i det minste valgt meg ein artig forfattar å ha særemne om, så vert påska ikkje berre arbeidssam, men også morosam!

Og når det gjeld bloggen - eg kjem sterkare tilbake!


2 comments:

  1. Tidsklemma er jo velkjent for alle... Kos deg med skolearbeid og samtidslitteratur!

    Stor påskeklem!

    ReplyDelete
  2. Kos deg med Kalvøen, han likar me:)
    Og god påske, er det vel lov å seia? Lukke til med alt du styrer med:)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...