Sunday, April 3, 2011

Eg har fått lopper...


Dette er ei fugleloppe. Ein av fleire fine loppemarknadskattar ♥ Denne helga har vore rett triveleg. Besøk på loppemarknader, besøk av familie og vener og elles tilfeldig prat med flotte folk, god mat, avslapping, sølvpuss, latter og eigentleg ganske bra vêr... Kva meir kan ein ønske seg den første helga i april? Eg har faktisk, i teorien, lært korleis eg skal ta avleggarar av lavendelplantar. Og visst eg berre greier å omsette teori til praksis, så skal det etter kvart bli reine lavendelland rundt VillaSørheim om nokre år ♥
 

Apropos lopper - ord som betyr fleire og vidt forskjellige ting - eg fekk kjøpt eit knippe heklabrikker som må bleikast. Desse kom eg på medan eg leika i lag med ungane i ettermiddag: "Nei, eg har visst nåkke eg må klore" sa eg, og reiste meg for å avslutte leiken. "Eeehm..!?" svarte storebror i huset nølande "eg håpa ikkje det er meg du har tenkt å klore!?". Eg knakk i hop i latter då eg forstod kva han eigentleg hadde sett føre seg, men han derimot syntest ikkje det var morosamt at mamma kunne komme på noko så bak mål - å skulle klore ungane sine med negler på krumma fingre, akkurat som at det skulle vere like artig som å kitle nokon..




Nostalgiske heklabrikker passer vel perfekt saman med sølvfat, pynta med ein enkel sølvlysestake, ein sølvfarga spurvefugl med stjert til å åpne flasker med, ei smørbrødklype i sølvplett og ei skjønn bjelle.. Sistnemnde skal toastmasteren få æra av å ringe med i bryllaupet vårt tenkte eg - om ho skulle trenge noko med skarp lyd til å fange merksemda med.


Denne helga har eg lært at å pusse sølv er ikkje det kjekkaste eg veit medan eg pusser, men etterpå derimot kjenner eg meg som ei vassekte kråke. Eg kjenner det frå topp til tå når metallet glimer blidt til meg, og eg blir så glad så glad når eg veit det er mitt! Mitt fat - for det var eg som fann og kjøpte det, og mi glimring - for det var eg som pussa det og fekk fram det fine mønsteret og det vakre skimmeret... Nydeleg ♥


Eg fekk meg enda eit lysfat, og ei smørbrødklype til, og så ei enkel og skjønn glaskrukke med lok. Prisane var enkle og skjønne dei også.. ♥ 30,- for alt på bildet under er ikkje verst!!



Vi fekk oss nokre større lopper også. Ei svær kiste i heiltre, malt i verdas kanskje grellaste farge. Takk og lov for pussemaskiner og malingsutstyr, for denne kan verkeleg bli fin når sommarferien har fått virke på meg sjølv og dermed også på kista ;) Slagbenken skal også pussast og malast, sjølv om fargen eigentleg er grei - den er berre ikkje så fint påført og har elles ein del overfladiske skader.. Men så lenge den vert ståande i entréen i denne leilegheita er den god nok som den er, så den får vere sitt gamle, gode enda nokre månader før den kjem i pussemaskina og malekosten si vald den også.



Mitt siste funn var det største røvarkjøpet også. Eg fekk ei gammal klesrulle til ein skarve hundrelapp. Fullt brukbar også, sett vekk frå ein alminneleg skrue som må byttast, eller om eg er skikkeleg heldig så treng den berre etterstramming. Det verste er at eg angrar på at eg ikkje kjøpte begge - for ja, der var to som var heile og fine!! Men men... Mannen er nok glad for at eg berre tok den eine ;) ...ellers hadde han kanskje pakka kofferten og dratt? ...i alle fall kanskje på langhelg heim, med eit flyttelass, allereie i morgon, sånn for å få unna litt før den verkelege flyttinga med alt av nytt og gammalt pikkpakk tiltar om berre få månader...


Og ja, for ikkje å gløyme; Det vart jammen litt tekstilar på meg også, som skal få nytt liv som kostymer, vimplar og sikkert som kjolar også. Mulig eg må sy nokre klede til storebror også, for han synest det er kjedeleg at det berre er veslesyster som får heimesydd. Men kjolar er enklare enn bukseplagg tenkjer eg, og difor slo eg til når eg fann ei loppis-bok om sying med enkle mønster for nybegynnarar.. Så får vi sjå kva det blir til.



Og med dette har eg vist fram det meste av denne helgefangsten. Veit om to fine loppemarknader i området neste helg også, og om mannen tillet at eg potensielt kjem heim med enda litt meir dill og dall no før flyttinga, så tek eg meg gjerne ei skattejakt neste laurdag eller søndag også. Loppemarknader er kjekt!


10 comments:

  1. Ja her var det mykje snadder, ser ut som du er blitt biten av noko her ja.
    Trur de skal få det fint med alle desse vakre godbitane.
    Klem

    ReplyDelete
  2. Åh, så mykje fine ting! Trudde ikkje eg var ein loppis-person, men fekk brått lyst til å ta turen til eit slikt eg òg ;) God veke i vente!

    ReplyDelete
  3. MANGE fine lopper a gitt! Gleder meg til loppesesongen starter her.

    Og ang. spørsmålet ditt inne hos meg så har jeg ikke brukt noe filter (selv om det sikkert hadde vært den letteste løsningen, tenkte ikke på det da). Jeg gikk bare til google og søkte på old backgrounds og tok det første beste som ikke hadde vannmerke. Sleip som jeg er ;).

    Klem Madelén

    ReplyDelete
  4. Heisann!!

    Gøy du vil delta på min Give away,masse lykke til!!

    Jeg gleder meg også til loppis:)Så mye fint du viser her,blir helt dårlig:)

    ha en fin ny uke:)

    Klem Linda:)

    ReplyDelete
  5. Masse flotte skatter!Grattis!Takk for fine ord på bloggen! Mvh Nin

    ReplyDelete
  6. Så utrolig mye fint da :)
    Ha en super uke !

    ReplyDelete
  7. Åå, så mange flotte skatter! Tror kisten kommer til å bli nydelig!
    Tusen takk for hyggelige ord hos meg. Jeg har ikke pil i hagen(ennå), hjertet laget jeg på et kurs, men ble bitt av basillen, og har planer om å plante selv. Har sett en bok som heter "Pil i hagen", den virket bra, kanskje noe for deg også?
    Ønsker deg en flott uke!

    ReplyDelete
  8. Hei.. flotte skatter du har kapra deg.. Loppis er gøy! Skal på loppemarked til helgen, gleder meg! Ha en god mandag!! :)
    klem fra Gunn

    ReplyDelete
  9. Hei!
    Sååå mye fint du har funnet på loppis! Jeg elsker loppemarkeder jeg og - det er synd det er så få som er bra i Oslo, så jeg kjører mer enn langt for å finne det riktige bra loppemarkedet!

    Nydelig den smørbrødklypa altså :-)
    Klem

    ReplyDelete
  10. Så mye flotte skatter du har funnet :)
    Ønsker deg en nydelig dag.

    Klem fra meg

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...