Sunday, March 27, 2011

Salige Symaskin

No er det lenge sidan symaskina mi har fått svinge seg, så eg var litt bekymra då eg i reint sakn drog ho fram på fredag. Det kunne jo vere motoren hadde støva så til i løpet av månadane som har gått sidan sist, at heile greia tok fyr? ...det har nemmeleg skjedd ein gong før at ei maskin har gått så varm at ledningane brant av, medan eg sat og sydde... Då fekk mamma endeleg eit påskudd til å kjøpe seg ei ny, etter at hennar gamle hadde vore tru i tenesten i to titals år eller noko slikt. All because of me. Pappa har forøvrig vore meir ivrig enn mamma etter å få stadig fleire symaskiner i hus. Ikkje fordi han syr. Overhodet ikkje. Men fordi han synest antikke symaskiner er så flotte. Overalt er dei flotte. På rapoet i trappa passar dei godt, på soverom gjer dei seg bra... Ja, kor er det ikkje flott med ei symaskin heilt enkelt? Han skulle installert ein veggcollage av antikke symaskiner, slik som denne vi såg inne på ein klesbutikk i Notting Hill. Alle butikkens veggar, midtdelarar og så vidare var dekorert med systematisk oppsatte, antikke symaskiner! Eit fantastisk skue, som eg gjerne skulle kopiert for å pynte ein vegg i huset vårt. (Eg er like glad i å samle som min pappa, ja..)

Så var det mine "kreasjoner" frå helga då. Eg har ikkje så mykje å skryte av. Ein vendbar kjole - som mottakaren vart veldig glad for og godt nøgd med. Den sommarleg gule sida vert nok den som blir brukt mest, og så får innsida vere reserve om ho skulle vere uheldig og skitne seg til når vi ikkje har skift tilgjengeleg..


Beklagar "litt" mørke bilder frå borneTV-tider i går kveld... ;P


...burde forøvrig stroke kjolen før fotosession, men eg var så ivirg... hehe


Den er sydd i gulrutete krepp frå eit bornesengesett som vart solgt ut billig hos KID, og av eit gammalt putevar i mjukt, herleg stoff som eg ikkje er heilt sikker på kva er for noko.. Hjerteapplikasjonen viser tydeleg mønsteret i det gamle putevaret


"Ååå, er det et hjerte, mamma? Jeg eelsker hjerter!"


(Ja, ho snakkar bokmål-bergensk i langt større grad enn storebror)




Ein liten blondekant på bringa, og ein større blondekant

nede på skjørtet gjer kjolen romantisk synest eg <3



Dårleg bildekvalitet, men you get the picture...


Trykknappar er ein favoritt reint praktisk

men vanlege knappar er mykje finare,

så difor pynta eg på trykknappen

ved å sy fast ein vanleg, pynteknapp oppå!

Ja, og så vart ei gammal bukse om til to nye sofaputer med trykknapplukking på baksida. Eg har fleire sofaputer i ulike tekstilar og fargar på gong, men no er det studier som står for tur atter ein gong. Trur symaskina skal få stå halvvegs framme, slik at eg kan belønne meg sjølv med nokre timar saman med symaskina når eg har vore flink å arbeide med studiane :) ...søndagar er verkeleg fine dagar, sjølv når snøen lavar ned...

4 comments:

  1. Åh er du sånn sydame? *misunnelig* Jeg har en symaskin, men jeg aner ikke hvor den er - tror den er brannfarlig for å si det sånn...

    Gleder meg til å se bildene av det du har laget :-)

    Ønsker deg en nydelig søndag!
    Klem

    ReplyDelete
  2. Så flink du er, skulle ønske jeg også fikk til det med symaskin:D
    Bildene kom ikke opp her heller, håper du får ordnet det.

    Ha en god kveld

    ReplyDelete
  3. Herlige kjoler! Takk for koselig hilsen på bloggen min. Kjekt å se at jeg ikke er alene med å ha det sånn hjemme. ;)

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...