Thursday, January 13, 2011

Kan nokon hjelpe meg

..og blåse vekk skodda her i Regnebyen - som på denne tida av året gjerne heller kunne heitt Slapsebyen..?

Knut'en sit veirfast offshore på grunn av skodde på flyplassen, og vi som gjerne vil ha pappa heim att asap :( Det er så kjedelig uten han! *snufs* Men det er vel i slike tilfeller eg har lov til å unne meg ein sjokoladebit eller 12? ..dessutan må eg halde vekta ettersom eg kjøpte brudekjolen min i jula, og fram til då (frå sommaren av) har eg ete jamnt... Kan jo ikkje slutte med det no, og risikere at sjokoladevalken forsvinn og kjolen vert for stor??? Aaah! Med ei så enkel tankerekke er altså ettermiddagen redda :D Hmmh.. lurer på om eg skal ete Walters mandler eller Mandelstang... Får kose meg litt med tanken på det, før eg til slutt koser meg med ein av delene... eller begge... ;P

4 comments:

  1. urettferdig at du frista med sjokolade når eg prøva iherdig å unngå det!

    ReplyDelete
  2. eg kjøpte kjolen i september og har ikkje prøvd den på i etterkant :P hihi. men det er heldigvis knytting bak så det er jo rom for justering Håper til det mindre eg då :P hehe

    ReplyDelete
  3. Knytting her også, enten det går eine eller hin vegen ;D Hehe... Men spørs vel om eg etter kvart ikkje er så keen på den sjokoladevalken allikevel :P

    ReplyDelete

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...