Saturday, November 27, 2010

Strålande adventstid

Medan andre shopper julegåver, så shopper eg til eigen heim. Eg er jo ferdig med gåvene til andre, og det er urettferdig om eg ikkje skal få shoppe i desember "berre fordi"...

Elsker, elsker, elsker alt som ser gammalt ut. Det kunne gjerne vore gammalt på ekte, men eg har for dårleg med tolmod til å snike og snoke på loppemarknader med stort sett berre boss, med ein og annan skatt gøymt innimellom rot.. Då er liksom-gammalt ei veldig god erstatning!

(På desse må ein sjølvsag ta av lokkene før lysa kan få brenne) 


Og så fann eg meg enda meir fattigmannssølv <3 <3 <3 Herlege små lykter som eg ikkje veit kor eg skal plassere i vår vesle leiligheit...


Og sånn forresten; er du - som meg - glad i levande lys i hopetal, så kan det jo vere greitt med billege telyshaldarar innimellom fattigmannssølv, ekte sølv, glas og kva det no måtte vere du set levande lys i. Eg synest runde sandkakeformer er eit herleg og enkelt supplement til telyshaldarsamlinga ;)


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...