Friday, August 13, 2010

Kvardag

Vel.. Det er berre å innsjå at ferien snart er finito, og at studiekvardagen (for min del) snart er i full gong. Timeplanen ser heldigvis ikkje så verst ut, med halve dagar frå mandag til torsdag og studiedag fredag. Kan overhodet ikkje klage på det, altså!

Kjenner eg meg sjølv rett, så er det greitt å ha timeplanen nedskrevet (inkludert sjølvstudietid) og fullt synleg. I mitt tilfelle hjelper det ikkje med avtalebøker for denslags, for eg mister nemmelig avtalebøkene mine.. Dei synest å forsvinne og bli heilt vekke oppe i sekken!! Forstå det den som vil, men slik er det i alle tilfeller...

Av den grunn vil eg ha en timeplan som ser fin ut til å henge på veggen, altså ikkje ein sånn kjip reklame-timeplan frå nærbutikken eller bokhandelen ;P Så eg laga ein sjølv i PhotoShop og med litt "hjelp" frå PhotoScape. Her er malen, klar for innfylling av timar. Klikkar du på bildet, så får du planen i full størrelse og kan lagre og skrive den ut til ditt eige bruk om du vil :) Treng du fleire enn tre rubrikkar kan du enkelt doble antalet i Paint, med tre vertikale, rette strekar ;) 

(Anbefalar å skrive ut som "faksutskrift")

Eg er blitt glad i damask, derav bakgrunnen på timeplanen min :) Har vore inne på http://www.tapetgalleriet.no/ og drøymt meg vekk, og det viser seg at eg (ikkje uventa) fell for dei dyraste variantane :S

Har lånt bileter av nokre av mine favorittar der inne, så eg skal vise dykk seinare ein gong når eg har betre tid. No skal eg vaske, og fylle huset med lukt av mint og lavendel. Me like!

2 comments:

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...