Monday, August 30, 2010

Etter helga venter kvardagen

..ja, plutseleg var helga forbi og no er til og med den fyrste vekedagen snart over også...

Men la meg droppe småsnakk og gå rett til kjerna i dagens blogginnlegg:
Realiteten er at vi, som ganske mange andre, kosar oss mykje anten det er kvardag eller helg. Spesielt i feriar, noko som er ei langdryg affære for ein studentfamilie, så kosar vi oss mykje og vi gjere det altså lenge også. Det vil seie, ikkje berre er ferien i seg sjølv lang, men også dagane vert lange og nettene korte, noko som igjen betyr at vi greier å presse meir kos inn i kvart døgn enn kva vi greier sånn i kvardagsdøgna utanom ferien.

No lurer du kanskje på kva slags kos eg snakkar om? Eller visst du kjenner meg godt, så lurer du nok ikkje likevel. Då veit du nemmelig at her snakkar vi om dagleg dose dessert etter middag, noko attåt kaffien (som forøvrig er spekka med mjølk og sukker eller kaffisirup) og gjerne noko attåt attåten når det lir mot kveld og søthungeren materialiserer seg i kroppen ein siste gong før nattlua kjem på.

Og vel, slikt set spor. Ikkje djupe spor, men bulande spor som legg seg som ei hinne over stader der du ein gong kunne sjå antyding til musklar. Musklar som eg håpar og trur framleis ligg der, klare til å virke og vekse når dei berre får beskjed om slikt noko. Men før dei kan vente beskjed om vekst og virke, så jaktar eg på motivasjon.

Skal ein gifte seg og bryllaupet er nært foreliggande, så kan gjerne det vere ein bra motivator for å få sveitta vekk overflødige kjærleikshandtak og spent opp nokre musklar til såvel nyttige som estetiske føremål. Eg for min del er så glad i planlegging at det enda er nærare to år til det foreståande bryllaupet, og ettersom eg arbeider best under press (les: tidsklemma) så er det enda ikkje ein utslagsgjevande motivator for mitt vedkommande.

(Denne selskapskjolen har eg truleg hatt på for siste gong,
takka vere mine loooovehandles :( ..Den kjem framleis på,
men for at den ikkje skal rivne i saumane må eg halde pusten,
og det kan gjerne bli vrient i lengda..)
Høgt kolesterol og denslags faretruande skuggar som kanskje heng over ein som sjølvaste mannen med ljåen (..eller med stoppeklokka, alt etter som..), kan forøvrig også vere ein grei motivator. Men feitt av typen som legg seg inni årane styrar eg unna, og når eg i tillegg er så "heldig" å vere berar av fH (familiær hyperkolesterolemi), og av den grunn får tett og god oppfølging i den grad at eg har mindre sjanse for å stryke med av tette årer enn den jamne mannen på gata... Ja, så vert heller ikkje kolesterol og denslags det nødvendige presset som får meg til å verkeleg ville trene veldig hardt.

Jogging er overvurdert. Når eg tenkjer på kor ulideleg kjedeleg det er å jogge, så fattar og begrip eg ikkje kvifor det er så mange som faktisk held på med den slags... Eg trur faktisk at det minst må ein tsunami inn over Vestlandet til, før eg så mykje som tenkjer i dei baner.

Å busse til by'n for å gå på treningssenter er eit for altomfattande tiltak til at eg nokon gong kjem meg dit ned. Dessutan ser eg ikkje når i løpet av kvardagen med studiar, familieliv og nødvendige husholdssysslar, at eg i det heile skal få tid til å prioritere denslags.


Men i dag oppdaga eg noko heilt fantastisk, og det var eigentleg det eg ville fortelle om. I lag med mannen og våre to små, samt også ein tidlegare kollega av mannen, hans kone og deira to små, så reiste vi til Baluba Leikeland for at ungane skulle få ta seg ut litt ein ellers lat søndag. Nett som små vener som treffast sjeldent, kom eg meg ikkje inn i leikinga før rett før vi skulle pakke sakene våre og gå. Inntil då sat forøvrig vi vaksne og prøvde å prate i all larmen av glade ungar og luftkanoner som skaut mjuke og lette skumgummiballar. Men altså, Baluba Leikeland er ikkje berre for småungar. Det er for barnlege mamma'er og pappa'er også. I alle fall for mamma'er kjende eg. Det var fantastisk kjekt å klatre i det polstra landskapet med bakkar av alle slag, klyve over polstra hinder og lande på ei mjuk, polstra matte. Opp, ned, gjennom små tunellar som gjekk i bue, balansere over hengebruer og skli ned lange sklier. Hadde eg berre oppdaga litt tidlegare at leikelandet var for meg såvel som for ungane, så hadde eg verkeleg kunne svidd av ein liten prosent av kjærleikshandtaka mine!

..skal tru kven som likar seg best i Balubaland?... XD
Sanneleg, det seier eg dykk, Baluba Leikeland skal besøkast fleire gonger, men då altså i treningstøy i staden for jeans og lag-på-lag med overdelar.. For det vert nemmeleg heitt nok for ei som ikkje akkurat nyyyt sveitting sånn i seg sjølv..!




..forresten kom det fotografbilder av yngste arvingen i familien med posten i dag. Dei skal de få sjå nokre av på ungane sitt hjørne, men det vert ikkje i kveld... ;P

No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...