Thursday, June 24, 2010

Alternativguide Del1

Arbeidet vi gjere er berre annleis arbeid...

Heime hos oss arbeider vi altså ikkje meir, sjølv om vi i hovudsak bruker tøybleier i staden for eingongsbleier på snuppa. I staden for å stadig tømme bossbøtta på badet for illeluktande "gåvepakkar", så plumper vi ulumskhetane kjapt og enkelt i do og så vasker vi bleiene i maskina. Vi har óg ein væte- og lukttett pose som vi samler opp bleiene i før vask - posen heng i ein eigen krok på stellebordet.



Mange forestiller seg at det er langt meir arbeid med tøybleier enn med eingongsbleier, men det er altså ei myte. Vi brukte eingongs til eldstemann og i nokre månader til snuppeliten (før vi "oppdaga" tøybleieverda), så vi har etterkvart god erfaring med begge deler. Best erfaring har vi med tøybleiene, så til eventuelle framtidige born kjem vi også til å bruke tøybleier. Færre såre stumper, ingen ukjende stoff i kontakt med bornet si hud og mindre belastning på miljøet er dei viktigaste grunnane for vår val.



For at tøybleiene skal vere eit absolutt miljøvenleg alternativ, er det vesentleg at ein vaskar bleiene på max 60 grader, brukar miljøvenleg vaskemiddel i moderate mengder og at bleiene m/tilbehør lufttørkar. Eg må dessverre medgje at vi syndar på eitt og eit halvt punkt; innimellom kokvaskar vi bleiene og bleieinnlegga trommeltørkar vi alltid saman med handdukane på grunn av mangel på tørkeplass. Dermed er miljøbelastninga for vår tøybleiebruk ikkje like mykje redusert som den kunne ha vore, i høve til bruk av eingongsbleier. Men gevinsten i høve bornet si hud er framleis like stor, og skilnaden mellom tøybleiene og eingongsbleiene er Stor!



I tøybleieverda finst det eit hav av bleier å velje mellom, med ulike kvalitetar akkurat som i vrimmelet av eingongsbleier som dei fleste småbornsforeldre kjenner til. Vi brukte ein periode FuzzyBunz men så gjekk vi over til bum genius som passa oss bedre. No brukar vi kun bum genius og er veldig godt nøgde! Det er ei onesize lommebleie (ein legg innlegg i med god oppsugande evne alt etter behov) som veks med bornet og passar frå nyfødt og fram til bornet sluttar med bleie. Kjempepraktisk! Og prikken over i'en; ein går Aldri tom for bleier, så søndagar med stengde butikkar er Aldri eit problem.

Skulle gjerne fortalt deg alt du trengte å vite for å ynskje å gå til innkjøp av tøybleier og prøve det ut (og bli heilfrelst), men eg kan dessverre ikkje meir enn berre nok til eige bruk. (Akkurat nok til at kvardagen med bleieborn er Lett). Det eg derimot kan gjere er å anbefale nettstaden der eg kjøpte tøybleiene; Bleieboden. Der finn du det du treng av informasjon, og bestemmer du deg for å kjøpe bleier så har eg god erfaring med å bestille frå denne nettbutikken. Dei er serviceinnstilte og har superrask levering! 


No comments:

Post a Comment

Legg gjerne igjen eit spor etter deg!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...